– Måten betente saker er handtert på er kritikkverdig

Stian Grimseth håpar 2018 skal bli eit år der Idrett-Norge endrar seg.

Stian Grimseth håpar 2018 skal bli eit år der Idrett-Norge endrar seg. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

YTRING: Les europameister Stian Grimseth sitt juleoppgjer med idrettsleiarane.

DEL

MeiningarIdrettsåret 2018 håpar eg skal gå inn i historiebøkene som året då ein fekk korrigert kursen på leiinga av norsk idrett. Slik situasjonen er i norsk idrett no, so må det ei kraftig kursendring til – og den må starte no.

Vi har hatt ein kulturminister og ei regjering som har vert tøff nok til å setje tydelege krav inn mot norsk idrett, og eit medie Norge som ikkje har slept taket sjølv om motstanden har vert massiv for å legge lokk på mangt og mykje. Openheit må vere grunnpilaren i den norske idrettsmodellen, so må ikkje dette bety at ingen kan ta lønn i norsk idrett sidan so mange jobbar dugnad, at ein ikkje kan drive representasjon der også alkohol i moderate mengder kan vere på bordet eller at ein kan nytte seg av konsulenttenester ved enkelte høve.

Det som er komme fram i den seinare tid vitnar om at det over tid har fått utarte seg ein ukultur innan leiinga av norsk idrett. Dette har nok på gått lenge før Tom Tvedt tok over i 2015, so her er nok fleire enn han og dagens styre med nokre få unntak som bør føle ansvar i so måte.

Eit anna døme er det ulykksalige vi er vitne til inn mot norsk sykkelsport. Eit på alle måtar fantastisk sykkel VM i Bergen ligg nede med knekt rygg, og med eit potensielt underskot som kan ligge på 50-60 millionar kroner. Staten bidrog med 50 millionar til sykkel VM i Bergen, medan Sunnfjord året før fekk kr 900.000,- til EM i vektløfting som samla 344 deltakarar frå 40 nasjonar.

På Sunnfjords vis brukte vi ikkje meir pengar enn det vi hadde råd til på EM, men det var likevel kåra til det beste EM nokon sinne. Og vi fekk eit overskot på ein snau million i tillegg til utstyr, ny hall i Naustdal m.m. Korleis ein kan bygge opp ein organisasjon som i Bergen og ta på seg eit kostnadsnivå som førar til eit underskot på 50-60 millionar er uforståeleg.

Ein får tære etter næring er eit godt ord å ha med seg også her. Når ein no registrera skuffelse frå dei ansvarlege mot det offentlege fordi dei ikkje vil gå inn med endå meir midlar for å dekke underskotet, so synest eg det heile vert usmakeleg. Og kva gjer dette med mogelegheitene for å få støtte frå staten til andre internasjonale meisterskap?

Også her verkar det som leiinga har mista fotfeste med sin eigen organisasjon, og eg håpar dette ikkje vil øydelegge for framtidige arrangørar av store internasjonale meisterskapar.

Eg synest også at måten store forbund som skiforbundet og fotballforbundet har handtert ein del betente saker det siste året har vert kritikkverdig. Lita eller manglande audmjukheit ser dessverre ut som er blitt ein gjennomgangstone frå ein del av toppleiarane i norsk idrett.

Eg ønskjer alle som bidrar innan norsk idrett ei riktig god jul, og eit godt nytt år i 2018 der ein dyrkar dei grunnleggande verdiane i norsk idrett:

«NIF skal arbeide for at alle mennesker gis mulighet til å utøve idrett ut fra sine ønsker og behov. Organisasjonen skal være en positiv verdiskaper for individ og samfunn og dermed styrke sin posisjon som folkebevegelse og drivkraft i samfunnet.»

Stian Grimseth la først ut innlegget på si Facebook-side.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags