Odd Tanstad: – Slik eg tolkar Arve Seger

SYKKELBY: Sykkelbyen Førde???? Berre tull og vas!, skriv Odd Tanstad i artikkelom om si tolking av utspela frå Arve Seger (bildet).

SYKKELBY: Sykkelbyen Førde???? Berre tull og vas!, skriv Odd Tanstad i artikkelom om si tolking av utspela frå Arve Seger (bildet). Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Firda har i den seinare tid, hatt omtale av Arve Seger, som nå vil forlate Førde, kommunen som han elskar. Etter å ha lest artiklane, og Firda sin omtale, forstår eg Sæger slik, fortalt av han sjølv:

Kjære Førde, som eg er så glad i, no har EG gjort ALT, EG kan for å få alle bilane inn i sentrum av Førde. Ny bru frå Hafstad til Angedalsvegen (behovet er berre ei sykkel og gangbru). Ny bru over Løken, rett framføre Helsetunet. Dette vil i framtida bli NY R 5!

Då kan dei gamle på Helsetunet skrive bilnummer, slik som før! Overvakingskamera o.l., har vi ikkje ha bruk for, vi kan berre ta inn notatane frå Helsetunet!  

Sykkelbyen Førde???? Berre tull og vas! Det var eit skalkeskjul for å få gjennomført hovudplanen! ALLE bilane gjennom sentrum! No har eg gjort ALT, EG, kan, for å få alle bilane i Sunnfjord, gjennom kassa apparata. No er det opp til mine etterfølgarar å gjennomføre planen min!

Trafikktal, folketal, tunnelar og andre avlastningar er i Førde for dyrt. Mine allierte, er Statens vegvesen. Når dei seier at slik er det, ja så er det det!!!!

Over alt i Norge, går trafikken utanom sentrum. Vi må ha eit unntak! FØRDE! Det er så kjekt å sjå at denne byen kan vi øydelegge, med bil, byen si stoltheit! No reiser meg heim til Voss, der går i alle fall bilane UTANOM sentrum.

Takk for meg, og lukke til, kjære Førde!

Dette er slik eg tolkar Seger sin avskjed.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags