Kor skal det ende?

PLAST OG FOLK: – I mitt hovud så er det særdeles vanskeleg å nå fram i miljøutfordringane når vi på kloden «tillèt» ein befolkningsvekst som vi har hatt, har og vil ha i tida framover. Mennesket forureinar berre ved å vere til stades på kloden, dess fleire vi blir dess større blir utfordringane, skriv Ove Myrmel. Her frå då han auksjonerte vekk boss under Teaterfestivalen i Dale i 2017.

PLAST OG FOLK: – I mitt hovud så er det særdeles vanskeleg å nå fram i miljøutfordringane når vi på kloden «tillèt» ein befolkningsvekst som vi har hatt, har og vil ha i tida framover. Mennesket forureinar berre ved å vere til stades på kloden, dess fleire vi blir dess større blir utfordringane, skriv Ove Myrmel. Her frå då han auksjonerte vekk boss under Teaterfestivalen i Dale i 2017. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Eg og alle andre her på jorda har no starta på eit nytt år, det blir mitt 57-ande år på kloden. Per i augneblinken deler eg klode med 7,6 milliardar andre menneske og ifølge talmateriale så får eg 230.000 fleire medborgarar kvar dag, vel 80 millionar kvart år. Så godt som alle desse fleire, vert født i det vi kallar fattigare land. Tenk litt over disse tala.

Er det høge tal eller er det ikkje? Vanskeleg å seie, men eit ordtak seier at du må kjenne di fortid for å forstå di notid og fatte dei rette avgjersler for di framtid. Viss eg ser bakover i tid så var det «berre» 3,2 milliardar menneske då eg blei født i 1962, altså ei dobling, og vel så det, i mi tid, så langt.

Då min far Magnus var født i 1925 var det ca. 2 milliardar og då mi oldemor Karoline var født var det vel 1 milliard menneske på kloden, altså ei 7-dobling berre sia mi oldemor si tid. Befolkningsveksten i resten av dette hundreår blir det dobbelte av det som var klodens heile befolkning i år 1800. Det skal og nemnast at befolkninga på jorda ved Jesus fødsel er antatt til å vere ca. 0,3 milliardar. Det som er dagens befolkningsvekst ville tatt knappe 15 år å fylle det som var den totale befolkning ved Jesus fødsel.

Det blir påstått at vi aldri har hatt det så bra på denne kloden som no, det er mindre krig, mindre svolt, mindre sjukdom, med meir, det er veldig bra. Men lever vi i ei boble som kollapsar ein dag? Ikkje godt å seie men FN reknar med at talet på menneske på jorda vil flate ut på kring vel 11 milliardar i dette hundreår. Betingelsen for det er at talet på barn per kvinne kjem ned på 1,9 barn i snitt. Viss det ikkje gjer det, og talet på barn per kvinne blir som no, ja så vil vi fort bikke 20 milliardar menneske før hundreår er over.

FN reknar på så mykje, og det er bra. FN reknar blant anna med at befolkninga i Nigeria innan 2065 vil passere 500 millionar og innan 2100 vil passere 700 millionar. I dag bur der ca. 185 millionar i dette landet der ca. 50 prosent er kristne og 50 prosent muslimar, noko som fort kan istedkomme uoverkommelege konfliktar.

Den Islamistiske militante gruppa Boko Haram skapar allereie store utfordringar i Nigeria og nabolanda. Innan hundreår er over så vil Nigeria vere større enn alle EU landa til saman og vil etter kvart konkurrere med Kina og India om å vere det mest folkerike landet på kloden. Nigeria veks med ca. 5 millionar kvart år, i dag. For å biletgjere det så ville befolkninga i Nigeria kunne haldast stabilt om alle dei 5 nordiske landa tok i mot 1 million migrantar/flyktningar kvart år i overskodeleg framtid, kvart år – berre frå Nigeria.

FN reknar på mange andre ting og, b.a. religion. I 2065 vil Islam ta over som verdsleiande religion. Dette kjem først og fremst som følge av at Islam er mest utbreidd i dei områda som vil få betydeleg befolkningsvekst i framtida, deler av Asia og Afrika. Eg er ikkje nokon truande person men må ha lov å ha meiningar om det, spesielt om det får betydning for meg eller dei som kjem etter meg. Kva Islam vil få å bety på kloden i framtida er berre å sjå på vår fortid og notid, så får ein truleg svaret og det er ikkje roande.

Afrika som kontinent vil 3-4-doble sin befolkning med dagens 5–6 born per kvinne. Det er også i dei same landa/områda som før slit med dei største utfordringane som og får den største befolkningsveksten og med det økt risiko for konfliktar og større folkevandringar. Men er det mogleg for den vestlege verda å vere buffer for dette? Ca. 5 milliardar av verdas befolkning lever utan – eller avgrensa form for sosiale sikkerheits- og trygdeordningar, ifølge FN. Mange av desse lever og utan dei normale rettigheiter som reelt demokrati og likestilling.

Det betyr at det vil vere normalt at migrasjon/flyktningar søkjer til den delen av verda som har dette. Kan det resultere i at desse mottakarlanda mister sin moglegheit til å vere sterke bidragsytarar innanfor naudhjelp og utvikling i trengande land i framtida? FN antar at 90 prosent av alle migrantar og flyktningar til Europa kjem hit ved hjelp av menneskesmuglarar. Er det dette vi kan kalle ei rettferdig løysing for alle dei som har behov for hjelp? Vil europeiske land kunne vere mottakarar av 10-tals eller 100-tals millionar menneske som søkjer ei anna løysing i framtida? Er dei store migrasjonane til Europa dei siste åra berre krusingar i vatnet i forhold til det som kjem?

Så var det miljøet vårt. Også her sit det folk rundt om kring i verda som har dette som sitt fagområde, og bra er det. Om miljø kan ein skrive i det uendelege, og det skal eg ikkje gjere. Men eg kan nemne nokre ord om plast, om plast i havet.

Det reknast med at ca. 8 millionar tonn plast hamnar i verdshava kvart år, sagt på ein anna måte, ca. 15 tonn pr. minutt. Alle veit, i kvart fall nesten alle, at plast i havet ikkje er bra greier. Då skulle vi vel anta at det er mogleg å gjere noko med det?

Ja, kanskje, men resultata vil neppe kome så fort. Det reknast med at dei 15 tonn pr. minutt i dag vil doble seg innan 2030 og firedoble seg innan 2050. I mitt hovud så er det særdeles vanskeleg å nå fram i miljøutfordringane når vi på kloden «tillèt» ein befolkningsvekst som vi har hatt, har og vil ha i tida framover. Mennesket forureinar berre ved å vere til stades på kloden, dess fleire vi blir dess større blir utfordringane. Miljøutfordringane vil i seg sjølv i framtida medføre folkevandringar om ein ikkje får kontroll over situasjonen.

I dag lever vi vesentleg knebla via internasjonale avtaler som EU, EØS, Schengen, Dublin, asylavtaler, m.m. samt det siste på trappene Acer og Migrasjonsavtalen. Vi har ikkje lenger råderett over eigne forhold eller grenser. Når vi ser kva problem Storbritannia har for å kome ut av klisteret som EU medfører, ja, så bør det i seg sjølv vere eit varsku til dei som både styrer no og i framtida. Bedrifter, konsern, kommunar, fylke, alle skal bli større og land skal inn i unionar. I tillegg blir vi urovekkande 230.000 fleire menneske på kloden kvar dag som går. Kor skal dette ende?

No ønskjer eg ikkje å bli oppfatta som negativ eller som ein mørkemann. Eg lever trass alt i ein flott kommune, eit veldig flott fylke og eit flott land men eg må ha lov å ha meiningar om korleis framtida for dei som kjem etter meg kanskje vil bli.

I dette hundreår vil vi oppleve tre hovudutfordringar, det er at vi vert for mange menneske på kloden, Islam blir dominerande innanfor religion og miljøutfordringane blir truleg større enn vi liker å snakke om, i likskap med dei to andre utfordringane. Har vi mot til å ta alle tre på alvor. Ikkje godt å seie kor dette endar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags