DEBATT: Alt går rett føre seg ved innkrevjing av bompengar i Førde

VEDGÅR REKNINGA: – Juridisk direktør Leiv Olav Sunde har rett. Taket på 30 betalingspasseringar er ikkje fjerna. Vi blir ikkje svindla ved passering av bomringen i Førde, og mine fakturaer er rette, skriv Helge Ottesen som har skrive mange debattinnlegg om bompengefaktureringa.

VEDGÅR REKNINGA: – Juridisk direktør Leiv Olav Sunde har rett. Taket på 30 betalingspasseringar er ikkje fjerna. Vi blir ikkje svindla ved passering av bomringen i Førde, og mine fakturaer er rette, skriv Helge Ottesen som har skrive mange debattinnlegg om bompengefaktureringa. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Viser til juridisk direktør Leiv Olav Sunde i Ferde AS sitt debattinnlegg i Firda avis, onsdag 06.02, der han hevdar at taket på 30 betalingspasseringar ikkje er fjerna. Vidare at folk får dei gratispasseringane dei har rett på. Sunde har og gått gjennom mine fakturaer og finn ikkje noko feil. Sunde sitt debattinnlegg er eit tilsvar til mitt lesarbrev i Firda 05.02.

Sunde ringde meg og tysdag 05.02. og prøvde å forklare meg korleis taket på 30 fungerer. Eg var dessverre ikkje lydhøyr for hans forklaring.

Eg var meir oppteken av å forklare korleis eg hadde funne ut at eg hadde betalt for mykje. Eg trur Sunde ikkje var lydhøyr for min argumentasjon heller, elles kunne han der og då sagt at eg rekna feil. Samtalen slutta i fordragelegheit utan at den eine hadde overtydd den andre.

Sunde sa han ville sende meg utskrifter over alle passringane eg har hatt ved bomringen i Førde frå juni 2018, og eg sa at eg ville sende klage til Ferde AS om at eg hadde betalt for mange passeringar. Noko eg gjorde straks etterpå. Det angra eg på. Eg skulle ha venta til eg fekk sendinga frå Sunde, for der låg forklaringa på at eg hadde rekna feil.

Sunde si sending fekk eg like før helga. Det var mange ark i ein stor konvolutt. Sunde hadde gjort seg mykje arbeid med lage gode oversikter over mine bompasseringar. Dei var for kvar månad der det tydeleg gjekk fram at eg hadde betalt dei 30 første passeringane i månaden med kr 624,-. Passeringar over 30 (taket) stod med 0 belastning. Alt var som det skulle vere. Det er og logisk.

Utan at nokon har fortalt meg det, trur eg at autopassbrikka på frontruta, er programmert for at dei 30 første passeringane i månaden ved Førdepakke bomstasjon skal eg betale for. Passeringar ut over det (taket) er gratis. Slik fungerer det framleis, sjølv om Ferde AS har utvida fakturaperioden ut over ein månad, med ulike tal dagar for kvar periode. Det gjer det svart vanskeleg å samanlikne passeringar mellom ny og gamal måte å fakturere på.

Vi pensjonistar, likar å kontrollere kva pensjonspengane våre går til. For oss som ikkje er så datavande, er det naturleg å samanlikne det gamle mot det nye med å telje passeringar.

Eg meinte å funne ut at ved årsskiftet hadde eg betalt 30 passeringar meir med den nye fakturametoden, med å rekne meg ut frå passeringane i andre halvår. I god tru at det var då den nye fakturaordninga tok til å gjelde. Eg har brukt 6 månader både i tale og debattinnlegg, utan at nokon i Ferde har korrigert meg. Den nye ordninga trådde ikkje i kraft andre halvår, men 1. juni 2018. Når eg set inn 7 månader i reknestykket mitt i staden for 6, stemmer passeringane overeins mellom den gamal og den nye måten å fakturere på.

Konklusjon: Juridisk direktør Leiv Olav Sunde har rett. Taket på 30 betalingspasseringar er ikkje fjerna. Vi blir ikkje svindla ved passering av bomringen i Førde, og mine fakturaer er rette.

Men det er svært vanskeleg å kontrollere om det stemmer med avtalen – viss ein ikkje er datavand og veit korleis ein finn dei rette datautskriftene på Min side.

Men kvifor Ferde AS gjekk over til å forandre fakturaperiodane er vanskeleg å forstå. Ikkje tener dei pengar på å gjere fakturaperiodane lengre, for då kjem pengane seinare inn på konto.

Men det har blitt uttalt frå Ferde at dei sender ikkje ut faktura under 900 kroner – for å spare pengar med færre utsende fakturaer. Spare pengar med færre fakturaer? Eg får mine som digital post på Digipost. Har ikkje fått postsending frå Ferde AS på fleire månader – bortsett frå postsendinga frå Sunde som kosta 42 kroner i porto.

Om ikkje alle brukar Digipost så bør Ferde yte den servicen å sende frankert papirfaktura i posten. Det er gjerne til eldre folk som ikkje brukar datamaskin ofte. Eg forstår dei godt. Det er mykje å hugse på.

Dersom ein går inn på Min side via Bank ID, må følgande tastast inn: Personnummer (8 siffer), eingongskode (6 siffer) og personleg kode (min. 8 bokstavar og tal i ei blanding av store og små bokstavar). Vanskeleg å hugse for ein pensjonist med redusert korttidsminne.

Ein blir tvungen til å skrive koden ned på ein lapp, men den må gøymast godt i tilfelle innbrot. Men då blir neste problem etter kort tid: Kor var det eg gøymde kodelappen? Det er ikkje så enkelt å bli gamal, og då får ein og stive fingrar slik at det er lett å taste feil. Offentlege etatar som brukar Digipost, bør ta omsyn til dette.

Eg tykkjer og det er svært dårleg service av Ferde AS å gjere den upopulære betalinga av bompengar dyrare enn nødvendig. For dei som sit trongt i det økonomisk, og har vanskar med å få endane til å møtast, svir det meir å betale 1100–1200 kroner, enn 640 kroner kvar månad med litt kortare intervall. Betalinga kjem oftast innanfor same lønnsutbetaling.

Eg oppmodar derfor juridisk direktør i Ferde AS, til å gje oss attende ordninga med faktura for ein månad om gongen. Der det går fram at vi betalar for 30 passeringar til ein pris a kr 624,-, og at passeringar over taket på 30 er gratis. Alle forstod og hadde tillit til denne ordninga då den var praktisert.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags