DEBATT: Alle passeringar blir notert ned. Det fungerer heilt flott!

BOMPENGAR: – Ikkje ei krone meir enn eg skal betale, har eg fått krav på, skriv bompengemotstandard Jostein Ness. Her frå arbeid i Askvollkrysset på fylkesveg 609, som er ein del av Førdepakken.

BOMPENGAR: – Ikkje ei krone meir enn eg skal betale, har eg fått krav på, skriv bompengemotstandard Jostein Ness. Her frå arbeid i Askvollkrysset på fylkesveg 609, som er ein del av Førdepakken. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Sidan eg er sterkt i mot bompengeinnkrevjinga i Førde, har eg frå første dag nøye kontrollert at rekningane eg får stemmer. Og det har dei gjort heile tida. Ikkje ei krone meir enn eg skal betale, har eg fått krav på.

Og eg gjer det enkelt. Alle passeringar vert noterte med dato og stad. Er det fleire passeringar i løpet av ein time, vert alle noterte, men berre ei lagt til det totale talet. Dette   fungerer heilt flott. Ei kladdebok og ein penn i hanskerommet, og    eit halvt minutts   «arbeid» etter køyreturen kan spare ein for mykje hovudbry!

Så dette er mi erfaring med styggedommen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags