Mot nye høgder!

Trude Brosvik

Trude Brosvik

Av
DEL

MeiningarFantastiske resultat frå skulane i Sogn og Fjordane! Dette har overføringsverdi både til Vestland fylke og heile landet. Stikkordet er samarbeid.

Vi har nett fått SSB sine tal på gjennomføring i vidaregåande skule. For Sogn og Fjordane er det svært godt nytt, med høgast gjennomføring i landet både på yrkesfag og studieførebyggande. (Tala gjeld for elevkullet som starta i 2013 og viser gjennomføring innan 5 år) Også Hordaland ligg over landssnittet i denne statistikken.

Dette lovar godt for ein god skule, som ser kvar enkelt elev, gjev god undervising og samarbeider godt med næringslivet. Vi har lange tradisjonar for godt samarbeid; både mellom skulane, heimane, næringslivet, folkevalde, fylkesmannen og utdanningsinstitusjonar.

Sogn og Fjordane har også over år utmerka seg med gode resultat i grunnskulen. Faktisk så gode at dei er blitt forska på. For små skular er visst ikkje rekna som einstydande med gode resultat. Heller ikkje at foreldregruppa har jamt over lågare utdanning og lågare inntekt ...

I samband med høyringsfråsegn til Stoltenberg-utvalet, som har sett på korleis ein kan jamne ut forskjell mellom kjønn og læring i norsk skule, fekk KrF hovudutvalet for opplæring med seg på følgande innspel:

Hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane merkar seg at ein utvalet i kapittel 12.2 «Kvalitetsutvikling i barnehage og grunnopplæring» har som eit tilrådd tiltak å «opprette et nasjonalt senter for kunnskapsformidling som skal summere opp utdanningsforsking, formidle kjenneteikn på verknadsfull praksis, og utvikle og forvalte et utdanningsbibliotek for praksisfeltet.»

Vi vil peike på at Sogn og Fjordane over tid har utmerka seg med svært gode resultat innanfor grunnskulen. Det har endåtil har vore eige forskingsprosjekt for å finne grunnen til det. Ut frå det, og det gode fagmiljøet og samarbeidet med kommunane, som er kring lærarutdanninga i Sogndal/Høgskulen på Vestlandet, vil vi tillate oss å peike på HVL som svært aktuelle for å ta ei slik oppgåve.

Eg vil også trekke fram at Vestlandsforsking i Sogndal har god kompetanse på forsking på dette feltet, og nett har fått ein forskar med erfaring på forsking på kjønnsperspektiv.

Artikkeltags