Samfunnsutvikling og museumsdrift

Musea våre er svært viktige når vi skal vise kvar vi kjem frå, og korleis vi er blitt det avanserte samfunnet vi er. Både administrasjon og politisk leiing er svært så medvitne på å ikkje blande seg inn i faglege prioriteringar. Råd frå musea sine fagfolk har vore sentrale i prosjektutviklinga for Kløften. Men som sentrale bidragsytarar er det rimeleg at ein får ta del i institusjonsbygginga, og der ligg det minst like mykje samfunnsutvikling som fag. Bildet er frå Sunnfjord Museum i Movika.

Musea våre er svært viktige når vi skal vise kvar vi kjem frå, og korleis vi er blitt det avanserte samfunnet vi er. Både administrasjon og politisk leiing er svært så medvitne på å ikkje blande seg inn i faglege prioriteringar. Råd frå musea sine fagfolk har vore sentrale i prosjektutviklinga for Kløften. Men som sentrale bidragsytarar er det rimeleg at ein får ta del i institusjonsbygginga, og der ligg det minst like mykje samfunnsutvikling som fag. Bildet er frå Sunnfjord Museum i Movika. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge og seniorrådgjevar Thomas Walle spør i eit innlegg i Firda den 29. mars om korleis fylkeskommunen meiner musea best bur seg på framtida. I det følgjande innlegget vil vi gjerne gi vårt syn på korleis vertskommunane og fylkeskommunen ønskjer å forvalte kulturarven i Sunnfjord og Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune yter kvart år meir enn 15 mill. kroner til drift og utvikling av musea i fylket. I tillegg formidlar vi om lag 8–10 mill. kroner til verneverdige bygg og anlegg. Politikarane har vist imponerande evner til å prioritere kultur og kulturarv i ei tid der dei fleste andre sektorar opplever endå større reduksjonar. Fylkestinget har difor gått inn for å medverke til å løyse utfordringane med felles magasin for musea.

Fellesmagasinet har ei lang historie med ei rad politiske vedtak. Felles for alle er eit tett samarbeid med musea, der faglege råd frå musea blir innarbeidde i prosjekt fylkeskommunen er involverte i.

Det kan av innlegget sjå ut som musea har sine prioriteringar, og at fylkeskommunen har heilt eigne, lausrivne prosjekt. Slik har det ikkje vore; Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF), særleg ved dåverande direktør Anne Marie Førde, viste stort engasjement for å få på plass ei løysing for magasin og Sunnfjord Museum. Musea og fylkeskommunen har arbeidd godt saman, noko som resulterte i eit felles prosjekt, «Kløften» som skulle fylle ei rad behov: Nytt fellesmagasin for alle museumsavdelingane, nytt formidlingsbygg for Sunnfjord Museum, nye lokale for arbeidsplassar for dei tilsette, og ny sentraladministrasjon for MiSF.

Våren 2016 oppstod to saker: Musea kasta auga sine på den nedlagde Ramstad Eskefabrikk i Angedalen, fordi denne kunne fylle langt fleire behov enn magasinet i «Kløften» kunne ta seg av. Dette gjaldt særleg store gjenstandar, til dømes landbruksmaskiner og båtar. Her har MiSF store, uløyste behov. Om lag samstundes gav fylkestinget beskjed om å redusere omfanget av Kløften, noko som førte til drøftingsmøte mellom Førde kommune, fylkeskommunen og musea.

Fylkesdirektøren sin e-post til musea i juni 2016 er uttrykk for eit kompromiss, ei semje for vidare arbeid, drøfta både i møtet og i seinare telefonsamtaler. Her tek vi saman til orde for ei delt magasinløysing som basis for forprosjektet til Kløften, levert i januar 2017. Vi har aldri forsøkt å instruere styret i MiSF. Styreleiar var på det tidspunkt avlidne Harry Mowatt. Å påstå at den svært dyktige og rakrygga politikaren Harry Mowatt let seg instruere, vil nok undre mange.

Administrasjonen i fylkeskommunen har halde seg til gjeldande vedtak i fylkestinget og gjeldande vedtak i styret i MiSF. Det er vårt formelle mandat. Når styret i MiSF no har gjort vedtak om å endre strategi, må vi halde oss til det.

Berge og Walle utelét ein svært så viktig premiss: Forutan fylkeskommunen sine vedtak, er desse avgjerdene forankra i vedtak i vertskommunen Førde, og i kommunestyra i alle dei kommunane som yter årlege bidrag til Sunnfjord Museum: Fjaler, Gaular, Jølster og Naustdal.

Jan Hegheim, fylkesdirektør for næring og kultur.

Jan Hegheim, fylkesdirektør for næring og kultur. Foto:

Den andre premissen dei vel å oversjå, er at Kløften vart prosjektert med utgangspunkt i ein modell som også var brukt på Sogn og Fjordane kunstmuseum: Fylkeskommunen bygger og eig bygget, MiSF dekker drift og vedlikehald over ordinære budsjett. Ingen vil vel finne det urimeleg at dei som skal eige bygget har interesser i korleis det blir nytta. Når Førde kommune og fylkeskommunen har gjennomført eit forprosjekt forankra i alle involverte folkevalde organ, inklusiv styret i MiSF, må det vere greitt å stille spørsmål ved kven som skal betale rekninga når ein av partane trekkjer seg ut.

Fylkestinget skal ta stilling til korleis fylkeskommunen vil arbeide vidare med dei ulike prosjekt og prioriteringar i Musea i Sogn og Fjordane på møtet i april. Dei faktiske forholda er skildra i ei sak til fylkesutvalet/fylkestinget som er tilgjengeleg for allmenta frå 29. mars. Vedlagt ligg ei vurdering av dei ulike søknadene som er komne inn frå MiSF. Administrasjonen i fylkeskommunen kjem til å følgje opp vedtaket i fylkestinget. På same måten vil administrasjonen i vertskommunane følgje opp vedtak frå sine folkevalde. Det er dette som er jobben vår.

Norge blir hevda å vere eit av dei beste landa å bu i. Musea våre er svært viktige når vi skal vise kvar vi kjem frå, og korleis vi er blitt det avanserte samfunnet vi er. Både administrasjon og politisk leiing er svært så medvitne på å ikkje blande seg inn i faglege prioriteringar. Råd frå musea sine fagfolk har vore sentrale i prosjektutviklinga for Kløften. Men som sentrale bidragsytarar er det rimeleg at ein får ta del i institusjonsbygginga, og der ligg det minst like mykje samfunnsutvikling som fag.

Korta må leggast på nytt, la oss sjå framover og forvalte kulturarven til beste for folk i Sogn og Fjordane!                

Artikkeltags