Det er på tide med ei opprydding i inngrodde haldningar

METOO: Firda har fått inn ei mengd Metoo-historie frå lesarane. Fleire av dei er rystande, alvorlege og dryge.

METOO: Firda har fått inn ei mengd Metoo-historie frå lesarane. Fleire av dei er rystande, alvorlege og dryge. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Metoo er blitt ein snøball som rullar vidare i kraft av si eiga tyngd.

DEL

LeiarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.338 av Firda sine lesarar har delteke i ei undersøking om seksuell trakassering, og over halvparten av dei har opplevd seksuell trakassering eller krenkande åtferd. Sjølv om vi på ingen måte ut frå denne undersøkinga kan seie noko konkret om omfanget lokalt, er det mange nok til at vi i alle fall kan slå fast at seksuell trakassering er noko som mange blir utsette for, også i våre nærmiljø, i organisasjonslivet og på arbeidsplassane. Den problematikken Metoo-kampanjen har sett søkelyset på, er altså høgst aktuell også hos oss, ikkje berre i andre miljø tryggande langt vekke.

Seksuell trakassering, frå verbal krenking til fysiske overgrep, er eit tema som har vore og framleis er vanskeleg å snakke om. Derfor er det også store mørketal ute og går. At heile 75 prosent av dei som har delteke i undersøkinga fortel at dei ikkje melde frå om opplevingane sine, vitnar nettopp om dette, og at vi som samfunn – i arbeidslivet, i familien, i skulen, i politikken og i organisasjonslivet – har sett oss best tente med å ikkje ta opp slike saker.

Det er truleg også årsaka til at mange av dei som har vegra seg for å seie frå, har frykta for konsekvensane. Derfor har trakassering kunne halde fram, bak lukka dører som ingen har villa opne. Då er det på tide med ei naudsynt opprydding i inngrodde haldningar, og det er nettopp det Metoo-kampanjen prøver å få til og langt på veg heldigvis har lykkast med.

Så langt har vi sett at enkelte menn som har utnytta maktposisjonane sine, har mista verv, arbeid, tillit og sosial status i kjølvatnet av kampanjen. Det har skjedd fordi Metoo har gitt offera mot til å stå fram og opne nokre av dei lukka dørene. At fleire avsløringar vil følge, kan vi nok vere ganske sikre på. Men på sikt er den einaste måten å få bukt med trakassering og overgrep at vi først erkjenner at vi som samfunn har eit problem. Då må vi også tenke over eigne haldningar og korleis vi snakkar og ter oss i møte med andre. Skal vi ta tak i dei unge og prøve å innprente gode haldningar i dei, må vaksen-generasjonen først feie for eigne dører.

Det er dei som i debatten gir uttrykk for at Metoo- kampanjen har gått for langt og at dei er leie av heile greia. Desse vil nok bli skuffa, for Metoo er blitt ein snøball som rullar vidare av eiga tyngd, og som ingen bør prøve å stoppe. Så langt har kampanjen vist oss at problemet med seksuell trakassering er stort og kanskje endå meir alvorleg og omfattande enn dei fleste trudde. Det er nettopp derfor det er viktig å snakke ut slik at vi kan få gjort ei naudsynt opprydding. Også i eigne haldningar og i våre eigne miljø.

Kontakt oss!

Har du eit #metoo-historie du ønsker å dele med oss?

Ta kontakt med:
Eline Kirkebø: eline.kirkebo@firda.no/413 50 350
Cecilie Brendehaug Rysjedal: cecilie.rysjedal@firda.no/908 27 219

Vil du skrive lesarinnlegg om #metoo og seksuell trakassering? Legg det inn her

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken