Den viktigaste beredskapen er gløymd

Om 50 år må verda auka matproduksjonen med 70 prosent. Landa som har jord, kan kanskje klare seg, men kva med Norge med ein stadig minkane sjølvforsyningsgrad og der mykje av den beste matjorda forsvinn til vegar, til butikkar vi ikkje har bruk for (som på Brulandsvellene) og til anlegg som ei tredje rullebane på Gardermoen, skriv artikkelforfattaren.

Om 50 år må verda auka matproduksjonen med 70 prosent. Landa som har jord, kan kanskje klare seg, men kva med Norge med ein stadig minkane sjølvforsyningsgrad og der mykje av den beste matjorda forsvinn til vegar, til butikkar vi ikkje har bruk for (som på Brulandsvellene) og til anlegg som ei tredje rullebane på Gardermoen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

4. august 2013 stod dåverande forsvarssjef Harald Sunde fram i media saman med Trygve Slagsvold Vedum med bakgrunn i at Stortinget i 2003 la ned beredskapslagera for såkorn og matkorn. Desse lagera skulle vare som eit matforråd i 12 månader. Etter nedlegginga har vi måtta leve frå hand til munn i matforsyninga.

Det Sunde var redd for, var om det skulle komme ein konflikt av ein viss storleik, så måtte vi klare oss sjølve. Det går ein båt frå Brasil til Norge ein gong i månaden med soyamjøl. Visst denne båten uteblir, må vi slakte ned storfe, gris, høns, sau og oppdrettsfisk. Det er sagt at oppdrettsfisk skal bli den store næringa for Norge når oljen tek slutt. Det Norge ikkje tenkjer på, er at det er Brasil som held oppe mykje av det norske landbruket og oppdrettsnæringa vår.

I 2018 vart det tatt opp å kjøpe såkorn og matkorn rundt om i verda. Dette viste seg svært vanskeleg. Mange land ville ikkje selje på grunn av tørke. Til slutt fekk vi korn frå Finland.

På TV vart det synt ein film frå Venezuela der store selskap hadde hogge ned eit stort område med skog. Området var så stort at ein ikkje kunne sjå enden på det. Her vart det dyrka soya i fire-fem år. Då var jorda heilt utpint. No er innbyggarane, ifølge TV-programmet, redde for at området vil bli ein ørken fordi ingenting vil gro her. Jungelen har svært lite jordsmonn å reetablere seg på.

Brasil har sikkert mange av dei same problema. Norge har lovd Brasil mange milliardar kroner visst dei høgg mindre skog, men Brasil høgg like mykje som før.

Verdas jordbruksareal minkar i eit omfang som svarar til heile Englands jordbruksareal kvart år. Dette er areal som blir brukt til bustadområde, vegar, industriutbygging og andre anlegg. I tillegg kjem ørkenspreiinga som er av like stort som tapet av matjord.

Ei av verdas største utfordringar er den store folketilveksten. Denne går rett og slett ikkje i hop med tilgangen på mat på ein klode der det allereie er nesten ein milliard menneske som svelt.

Om knapt 30 år har vi sju millionar menneske i Norge, mot 5,4 millionar i dag. Vi har ei sjølvforsyning av mat på rundt 38 prosent. Norge er med andre ord ein kraftig overbefolka nasjon. Men om knapt 30 år vil vi vere 1,5 millionar fleire i dette landet, og ha mat til 1,5 millionar. Samtidig vil verdas befolkning vil stige frå 7,5 til 10 milliardar menneske. Korleis vil sjølvforsyningsgraden i Norge bli då? Kvar skal barneborna våre få maten frå?

Om 50 år må verda auka matproduksjonen med 70 prosent. Landa som har jord, kan kanskje klare seg, men kva med Norge med ein stadig minkane sjølvforsyningsgrad og der mykje av den beste matjorda forsvinn til vegar, til butikkar vi ikkje har bruk for (som på Brulandsvellene) og til anlegg som ei tredje rullebane på Gardermoen.

Vi må føde fleire born, oppmodar Erna Solberg. Kr.F. er opptatt av familiane skal ha trygge rammer. Då er det på tide at dei opnar auga og tar ansvar for det som kan bli den verkeleg store ut utfordringa for Norge, nemleg tilgang på mat, høg nok sjølvforsyningsgrad og kriselager på mat- og såkorn som kan hjelpe oss over ei krise. Dagens regjering har ei elendig historie i sikring i vitale samfunnsinstallasjonar.   Det er på høg tid også å stille den til ansvar når det gjeld å sikre den framtidige matforsyninga til landets befolkning.

Artikkeltags