Skadeflaumar – dramatisk forsterka av skog ved elve- og bekkeløp

RYDDIING: Det no eit påtrengane/kritisk behov for å rydde skog i og inntil bekke- og elveløp, skriv Ivar Sægrov i artikkelen. Han har jobba i meir enn 30 år med tilsyn og utfrordringar knytt til masseoppbygging og tilgroeing av regulerte vassdrag. Biletet er frå raset på sørsida av Jølstravatnet.

RYDDIING: Det no eit påtrengane/kritisk behov for å rydde skog i og inntil bekke- og elveløp, skriv Ivar Sægrov i artikkelen. Han har jobba i meir enn 30 år med tilsyn og utfrordringar knytt til masseoppbygging og tilgroeing av regulerte vassdrag. Biletet er frå raset på sørsida av Jølstravatnet. Foto:

Av
DEL

MeiningarFirda sin bildeserie frå dronar over fleire ras frå uveret 30. juli, viser klart starten på flaumskred som i eitt av tilfella fekk eit fatalt utfall.

Sjølv ein mindre flaumbekk kan utvikle seg til eit kjempefarleg inferno i eitt flaumløp med storvaksen skog som blir riven ned og bygger opp vassdemmer av svære dimensjonar. Større tre eller mindre som fell på tvers av fallretning skaper vassdemmer som momentant aukar vassmengda og   vasstrykket. Dette medfører fleire trefall og ein serie av vassdemmer kan oppstå etter kvart som nye tre på vegen nedover blir rivne med.

Etter flaumen i Utvik i 2017 tok fredagspanelet til NRK, Sogn og Fjordane opp spørsmålet om kva som kan gjerast av førebyggjande karakter for å dempe skadeomfang av slike hendingar. Ein av ekspertane i panelet, ein tidlegare fylkesleiar i Bondelaget, sa følgande. «Eg kan hugse at bestefar min passa på å rydde småskog i bekkeløp og inn til elvane».Bestefaren hadde forstått det: Skog kan ikkje få vekse opp i bekke- og elveløp, der naturen etter den vesle istida, har forma flaumløp som tek i mot dei heilt store vassføringane som vi rett nok sjeldan opplever, men som over tid alltid vil komme att.

Ivar Sægrov

Ivar Sægrov Foto:

Det er no to generasjonar sidan Bestefaren i Sogn rydda bort ungskogen frå flaumløpa. I dag finn vi at flaumløp over alt på heile Vestlandet er tilgrodd med stor skog og ofte med stor tilplanta gran. Bestefaren er borte og vi ropar på meir sikringstiltak, men Bestefaren var oppteken av å førebygge og tok sjølv fatt på dei tiltak som var av livsviktige for å redusere omfanget av kritiske hendingar. I ei utvikling mot eit varmare klima er prognosane klare med politisk støtte på at kritiske naturhendingar vil råke oss oftare enn det vi som lever no har opplevd.

Opp i det heile er det eit paradoks at vassressurslova som skal regulere bruk og forvaltning av vassdrag, i § 11 har med eit generelt forbod mot rydding av skog inn til elvekanten, dvs. også i flaumløpet. Rydding skal godkjennast av kommune/fylkesmann/NVE. Rydding utan godkjenning kan bli definert som miljøkriminalitet.

Samanfatta er det no eit påtrengande/kritisk behov for å rydde skog i og inntil bekke- og elveløp. Slik rydding må utførast i stor grad utover tradisjonelle sikringstiltak. Det må vidare vurderast rydding i aktuelt lovverk og fortolking av dette.

Artikkeltags