DEBATT: Eg vonar at huseigar vil sikre kanten med blomsterprakt!

SIKRING: Sikring av fotgjengartrafikken mot murkanten må snarast kome på plass.
Eg voner at huseigar vil sikre kanten med blomsterprakt, det vil gle meg mykje meir enn eit gelender. 
Skulle bygningsmyndigheitene i Førde ønskje kanten ståande urørt. vil eg be om tilvising til paragrafar, og at dei utfører tilstrekkeleg skilting på staden, skriv Karl Russøy i denne artikkelen. Her ved kanten han omtalar, der han vart skadd då han gjekk seg utfor tidleare i mars.

SIKRING: Sikring av fotgjengartrafikken mot murkanten må snarast kome på plass. Eg voner at huseigar vil sikre kanten med blomsterprakt, det vil gle meg mykje meir enn eit gelender.  Skulle bygningsmyndigheitene i Førde ønskje kanten ståande urørt. vil eg be om tilvising til paragrafar, og at dei utfører tilstrekkeleg skilting på staden, skriv Karl Russøy i denne artikkelen. Her ved kanten han omtalar, der han vart skadd då han gjekk seg utfor tidleare i mars. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Eg har ansvaret!

Det stod klinkande klårt for meg då eg vakna i dag tidleg. Som samfunnsborgar veit eg kor farleg det er å ferdast mellom dei to bustadblokkene i Førde. Eg som veit, har enno ikkje fått sperra den fatale kanten ved blokkene. Eg som har lova bebuarar i blokkene å ta saka. At eg ikkje reagerte med ein gong, då eg såg at det ikkje var kome opp sperring. Tenk om eg, som veit meir enn nokon annan, kor farleg denne kanten er, skulle eg stå med ansvaret om det blei slik at den neste som gjekk over kanten, ikkje reiste seg att?

Som huseigar er eg van med å ha ansvar for open gangtrafikk over den private vegen på tomta vår. Det er vanskeleg å få strødd tidleg nok om morgonen, men dei som går der dagleg, får informasjon om kvar dei går tryggast. Huseigaransvaret er ikkje berre avgrensa til issvullar og istappar frå ovan.

Nokon stod med ansvaret då «VIKING SKY» nærma seg fjøresteinane. Eg har faktisk stått med ansvaret i ein samanliknande situasjon. Eg hadde mindre enn 2 sekund att, til at eg hadde lagt 5 båtar i fjøresteinane. I full storm kom eg til hamna med 4 båtar på slep, 2 doryar med snurpenot og 2 småbåtar. I mellom alle båtane på hamna skulle eg til lands. Under hard manøvrering svikta motoren 2 gonger, (den kom rett frå verkstad med feilmontert utstyr) marginane blei små. Etter på var det godt å sjå båtane ligge i fortøyingane ved kaia.

Eg ventar på at eg kan gå frå kanten i Førde med ei liknande kjensle, at faren er over. Eg veit heller ikkje kor store marginane var, då eg stupte over kanten med handa låst i lommen, der eg skulle hente fram bilnøklane. Eg veit ikkje om utfallet hadde blitt det same om kanten hadde vore 27 cm høg, kanskje berga det meg at den var berre 23.

Ansvaret kan ikkje delegerast! Ansvaret kan ikkje flyttast opp! Ansvaret kan ikkje fråskrivast! Ansvaret kan ikkje pulveriserast! Ein tek ikkje ansvaret! Ein har ansvaret! (legg merke til at eg skriv ansvaret i bunda form) Einkvan er huseigar! Einkvan har også ansvaret for godkjenning og kontroll.   Einkvan sit med eit overordna ansvar! Nokon snakkar om politisk ansvar. Nokon har også ansvar som dei ikkje veit, dei skal vite!

Saka er ikkje så vanskeleg. Høgda på den same kanten er lovleg der den går langs husveggen på blokka, men kanten skal vere markert med anna materiale enn gangarealet dersom kanten ikkje er sikra med gelender. Breidda på gangfeltet der, er som den skal vere, oversiktleg, for å kunne stå utan sikring. Gjennomgangsarealet, som har retning mot elva ved blokka på motsett side, fører mot ein rampe som utliknar høgdedifferansane på lovleg vis. Gjennomgangen mellom blokkene fungerer som fortau, dei skal oppfylle same krava som vert stilt til fortau. Heile tunet utgjer vegbreidda. Går ein vegen mellom blokkene i retning mot sør skal denne murkanten enten ha innretningar som avviser trafikk, eller ha universell utforming med trinnlaus gjennomgang der det er ope for ferdsel. Tunet, i heile si bredde, må enten vere open for trafikk, eller lovleg sikra. Er det tenkjeleg å finne at ein slik kant går på tvers over eit fortau? Gå ein tur rundt blokka! Sjå dei fint utforma overgangane mellom fortau og gate. Du treng ikkje gå lenger enn til handelshuset for å sjå lovleg oppførte ramper med avvising av trafikk som går i retning mot kanten av forhøgninga (her er det sikra med gelender). Sikring av fotgjengartrafikken mot murkanten må snarast kome på plass.

Eg voner at huseigar vil sikre kanten med blomsterprakt, det vil gle meg mykje meir enn eit gelender. 

Skulle bygningsmyndigheitene i Førde ønskje kanten ståande urørt. vil eg be om tilvising til paragrafar, og at dei utfører tilstrekkeleg skilting på staden. Eg ønskjer då eit tilsvar i Firda slik at allmenta og vert kjent med kva som er gjeldande reglement i Førde.

Er kanten ulovleg og farleg, må det vel strakstiltak til. Er det komne levande blomar på kanten, slepp vi unna dei avskorne.

PS. Eg har tilfeldig møtt ein blåmerkt som har gått over kanten, og to som greidde stoppe. Ta kontakt med meg med melding eller telefonsamtale på 480-09898 om du har opplevd kanten berre ovanfrå, eller om du kom ned.

Artikkeltags