DEBATT: Styrk redningstenesta – bygg Stad skipstunnel

KRAV No må både lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og ikkje minst våre stortingsrepresentantar frå Vestlandet sette krav om styrka redningsteneste langs Norskekysten å få bygd Stad skipstunnel, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket

KRAV No må både lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og ikkje minst våre stortingsrepresentantar frå Vestlandet sette krav om styrka redningsteneste langs Norskekysten å få bygd Stad skipstunnel, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket Foto:

Av
DEL

Meiningar

Heile Norge og utlandet med, følgde vel det drama som skjedde laurdag 23. mars utanfor Hudstadvika på Mørekysten. På skjermen rulla det bilde som ein kunne tru var tekne ut av ein skrekkfilm. Heldigvis gjekk dette, etter dei rådande forholda bra.

Men marginane var små, for at dette kunne vorte ikkje berre ei stor nasjonal, men ei internasjonal, tragedie med 1374 menneske om bord på cruiseskipet «Viking Sky» som fekk motorstopp. I tillegg lasteskipet «Hagland Captain» med 9 menneske om bord som lei same skjebne med motorstopp.

Takka vere utruleg dugande redningsmannskap og godt organisert redningsarbeid gjekk det godt, denne gongen. Men kva er det noverande regjering har drive med, nedbygging av distrikta på alle frontar. Pengemangel er som regel svaret eit får. Men var det pengemangel når Stortingsgarasjen vart bygd utan plan og økonomisk styring. Kva med Operabygget i Bjørvika var vel kalkulert til 2.4 milliardar og hamna på vel 4 milliardar før det vart ferdig. Men dette var i Oslo.

På Vestlandet har det vore planar om ein Stad skipstunnel, som skal gjere det tryggare for skip å passere det farlege Stadhavet. Kor mange statsrådar har vore inne med utgreiingar på dette prosjektet, hugsar eg ikkje. Men det har vore mange rare konklusjonar. Den mest morosame var at; «skipa ville ikkje treffet holet».

No er det samferdsleminister Dale som seier at prisen må ned på tunnelen før det vert løyvd pengar. Det seier seg sjølv at eit slikt prosjekt som stadtunnelen er vel knapt bygd før og ein må forstå at den/dei entreprenørar som skal ta på seg eit slikt prosjekt må sette prisen etter som dette er ei ukjend og utfordrande oppgåve. Så hald på dette prinsippet Dale om at prisen må ned, så slepp du å arbeide med dette i di ministertid.

Men utfordringane med meir ekstremvêr og auka trafikk på kysten, veit vi ikkje kva tid ei ny ulykke kan oppstå. Tenk oss ei hurtigrute går ned på Stadhavet i 15/20 m høge bølger med 500–600 menneske om bord. Då ville vel pengane vorte løyvde fort til bygging av Stad skipstunnel. Men kanskje i seinaste laget. Eg er merksam på at representantar for Hurtigruta har uttalt at dei ikkje har tenkt å nytte skipstunnelen. Då er vel den leiinga moden for utskifting om denne uttalen er rett.

Nei no må regjeringa Solberg ta på alvor det som skjer på kysten, styrk redningstenesta på heile norskekysten og få bygd Stad skipstunnel før det skjer tragediar som kunne vore unngått om denne stod ferdig.

No må både lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og ikkje minst våre stortingsrepresentantar frå Vestlandet sette krav om styrka redningsteneste langs Norskekysten å få bygd Stad skipstunnel.

Og lat ikkje dette verte berre valflesk i valåret, men realitetar inn i nær framtid.

Artikkeltags