Er det hjort og andre grasetarar som har skulda for klimaendringar?

Rune Nydal.

Rune Nydal. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Raudt kjøt er av mange peikt på som eit stort klimaproblem.

I fylket har vi mykje sau, storfe og dei siste tiåra ein sterk aukande hjortebestand. Alle desse utnyttar graset som vert produsert gjennom fotosyntesen. Når planter veks bind dei co2 og produserer o2.

Når dyra seinare et planter får vi den motsette prosessen. Det gjeld også menneske. Vi brukar energien som plantene har bygd opp. Det blir ikkje  meir karbon gjennom denne prosessen. Det same gjeld produkt som kjem frå husdyra våre eller ville dyr som hjorten.

Når vi derimot forbrenn fossilt karbon (kol,olje og gass), frigjer vi co2 som ligg lagra i bakken.

Å gje planteetande dyr skulda, er bokstaveleg å rette bakar for smed. Når ein ser vekk frå bindinga i plantene vil reknestykka på kva mat som er «mest klimavennleg« bli lite å stole på.

Det er forbrenning av fossilt karbon som er problemet. Og som aukar co2 innhaldet i atmosfæren, løysinga vert då å redusere det. Difor vert fokus på dyr som et gras ei rein avsporing.

Artikkeltags