Heilt ny krigshistorie frå NRK Sogn og Fjordane

Magnar Juklestad.

Magnar Juklestad. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Bård Siem var i Ukraina og intervjua ein krigsfange frå Årdal i Sogn som ifølge Siem hadde vore med på «ei gigantisk utbygging». Etter dette innslaget får vi høyre at ein historieprofessor frå Trondheim skal starte eit stort prosjekt som skal få fram at her blei det sett inn store summar frå okkupasjonsmakta.

Etter det vi har fått av historieskriving om okkupasjonen så har eg tre som eg har grunn til å ha tillit til: Norsk Krigsleksikon 40-45, Fylkesleksikon Sogn og Fjordane bind 4, og Kontrast 25 frå 1971. NRK har endra den første teksten og tek inn at okkupasjonsmakta lånte 11 milliardar i Noregs Bank.

For å ta uttalen om den påståtte verdiskapinga i Årdal i Sogn først. Utbygging av Tyinvassdraget starta i 1911. Det blei ikkje nemnt frå Frøland. Det som vart bygt under krigen i kraft og grunnarbeidet til smeltehall er omtalt i Fylkesleksikonet til «uhørte 900 millionar kroner» i forhold til det oppnådde resultatet. Truleg har ein stor del av dette vore forteneste for 50 tyske selskap og ført ut av landet. Min teori. Etter krigen blei det ein debatt i Stortinget om krafta skulle førast austover. Stortinget vedtok mot Høgre sine stemmer å bygge smelteverk, som sto ferdig i 1948.

Så til påstanden om store verdiar skapt i 20 flyplassar. Berre nokre få blei til flyplassar seinare. Dei var svært korte som den på Bømoen på Voss. Sidan dei som blei nytta etter krigen er nokre få, så må reknestykket bli klart eit minustal som verdiskaping. Frøland fortel om moderne festningsverk. Desse står det om i Norsk krigsleksikon. Norske kystbatteri, 350 i talet av ymse storleik på kanoner. Etterbruken er heilt ubetydeleg. «En rekke kystfort er lokalt satt i stand som kulturminner, og museer i tilknyttning til anlegg».

Om jernbanebygging i Nord-Norge: Desse vart bygt av krigsfangar i fem fangeleirar som vart rekna for konsentrasjonsleirar. I Fylkesleksikonet er talet omkomne og drepne sett til mellom 17.000 og 20.000. Jernbanestrekningane var korte og likeins vegane. «Blodveien» berre 1,5 km.

Dersom vi skal finne ut meir om økonomien i dette samla, så ser ein fort at festningane og opphald for 200.000 tyske soldatar (seinare 400.000) må ha vore heilt dominerande.

Gjelda på 11,3 mrd. blei stroken bortsett frå 5,4 mrd. som framleis står som «statens konsoliderte konto». Som kjent er alle krigar lånefinansierte. Tyskland okkuperte Hellas og lånte pengar der og. I samband med finanskrisa der, for nokre år sidan, kritiserte Angela Merkel Hellas si økonomistyring og fekk då krav om å innfri låna frå krigsåra. For å forstå verdiane i lånet, så kan det vere nyttig å vite at Statsbudsjettet i 1946 var på 1,6 milliard.

Artikkeltags