Yngve Hallén heidra med NFFs Gullmerke

FEKK UTMERKING: Yngve Hallén, tidlegare fotballpresident og dagleg leiar i Sogndal Fotball. Bildet er tatt då Sogn og Fjordane Næringsråd vart stifta i 2016, og Yngve Hallén vald til styreleiar.

FEKK UTMERKING: Yngve Hallén, tidlegare fotballpresident og dagleg leiar i Sogndal Fotball. Bildet er tatt då Sogn og Fjordane Næringsråd vart stifta i 2016, og Yngve Hallén vald til styreleiar. Foto:

Den tidlegare fotballpresidenten fekk denne helga ei av dei høgste utmerkingane i norsk fotball.

DEL

Yngve Hallén frå Alversund kom til Sogndal tidleg på 90-talet og engasjerte seg med ein gong i fotballmiljøet.

I 1998 vart han tilsett som dagleg leiar i Sogndal Fotball. I løpet av si tid i klubben har han hatt fleire funksjonar, som til dømes dagleg leiar i klubben og samstundes leiar i selskap dei samarbeidde med.

I grunngjevinga skriv juryen dette:

– Han er ein person som er kjend for høg arbeidskapasitet, evne til å spele på lag og skal ha mykje av æra for at klubben i dag har moderne og funksjonelle anlegg.

Hallén har også hatt verv som styreleiar i Norsk Toppfotball og leiar organisasjonsutvalet i Norges Fotballforbund. I 2010 vart han også vald som fotballpresident, ein funksjon han hadde til 2016.

– Gjennom presidentperioden hans fekk vi etablert sentrale utviklingskonsept som kvalitetsklubb og landslagsskulen. (...) Som takk for stor og uvurderleg innsats gjennom mange år lokalt som sentralt, ber om tingets slutning til at Yngve Hallén vert tildelt NFFs Gullmerke, heiter det i grunngjevinga.

Artikkeltags