Widerøe reduserer kapasiteten med 50 prosent

NYE TILTAK: Widerøe er i gang med nye omfattande tiltak for å hindre smittespreiing av koronaviruset.

NYE TILTAK: Widerøe er i gang med nye omfattande tiltak for å hindre smittespreiing av koronaviruset. Foto:

No vil det bli både vanskelegare og dyrare å fly med Widerøe.

DEL

– Dette er eit omfattande arbeid for flyselskapet, seier Silje Brandvoll, direktør for Kommunikasjon og Samfunnskontakt i Widerøe, i ei pressemelding.

Med nye anbefalingar frå helsestyresmaktene startar Widerøe onsdag med å redusere talet på salbare seter til 50 prosent på alle Widerøes ruteflygingar.

– Vi vil fortløpande ta kontakt med passasjerar og tilby ombooking av billett på dei avgangane som allereie har ein kabinfaktor på over 50 prosent. Vi håper på den måten å få til frivillige løysingar for å kunne møte styresmaktenes råd.

Som følge av dette vil kapasiteten på Widerøes fly reduserast med 50 prosent.

– I praksis vil dette bety at det blir færre billettar tilgjengelege framover, til ein høgare pris. Som konsekvens vil vi også måtte gjennomgå ruteplanen på nytt, og det er forventa at enkelte avgangar kan bli kutta, seier Brandvoll.

Frå før av har Avinor stengt ni flyplassar, i Sogn og Fjordane er det flyplassen i Førde og på Sandane som er råka.

Artikkeltags