Widerøe kuttar ytterlegare 1500 avgangar

NYE KUTT: Ytterlegare 1500 avgangar blir no kutta i Widerøe fram til utgangen av mai.

NYE KUTT: Ytterlegare 1500 avgangar blir no kutta i Widerøe fram til utgangen av mai. Foto:

Kjem i tillegg til tidlegare kutt som vart annonsert i februar.

DEL

– Vi kuttar 1500 avgangar på våre kommersielle ruter fram til utgangen av mai, fortel Christian Skaug, kommersiell direktør i Widerøe i ei pressemelding onsdag.

Kutta er likt fordelt i talet mellom innlands- og utlandsruter.

– Kutta gjeld førebels ut mai. Vi følgjer utviklinga fortløpande og situasjonen har endra seg mykje siste veka. Vi utelukkar ikkje ytterligare kutt dersom utviklinga held fram, seier Skaug.

Selskapet oppgjer at luftfarten er under press, saman med at talet billettbestillingar går ned saman med avgrensa reiseaktivitet grunna korona-frykt som årsaka til at dei no kuttar dei 1500 avgangane.

Desse kutta kjem no i tillegg til at flyselskapet i februar kutta 4000 avgangar. Noko som mellom anna råka Florø hardt.

Dei fleste kutt skal allereie vere oppdatert i bookingsystema. Resterande endringar vil bli gjort fortløpande.

Kundar som har flybillett på avgangar som no vert kutta vil bli kontakta av staden der dei har kjøpt billetten. Dei vil få tilbod om endra reiserute og/eller avgangstid.

Widerøe tek også fleire interne grep for å redusere kostnadene. Konsernet har til dømes innført ansettelsesstopp, og investeringar blir utsett.

Artikkeltags