Widerøe kuttar i tilbodet – Florø misser to avgangar

FÆRRE AVGANGAR: Flyselskapet Widerøe ser seg no nøydde til å kutte ytterlegare i tilbodet sitt.

FÆRRE AVGANGAR: Flyselskapet Widerøe ser seg no nøydde til å kutte ytterlegare i tilbodet sitt. Foto:

Betydeleg svikt i etterspurnaden og bortfall av statleg hjelp gjer at Widerøe no legg fram nye kutt i kortbanerutene.

DEL

Widerøe har i fleire år slite med lønnsemda på kommersielle kortbaneruter, og såg ei kraftig svekking som følge av koronapandemien.

Allereie i februar vart det meldt om kutt av 4000 avgangar i året, og kort tid etter varsla flyselskapet at det ville bli ytterlegare kutt. No melder Widerøe eit nytt kutt i tilbodet, og at det vil tre i kraft 1. oktober. Som ved dei tidlegare kuttrundane er det i flytilbodet i Florø det blir størst endringar i vårt distrikt.

Slik blir endringane:

Formiddagsavgangen frå Vadsø til Tromsø blir fjerna og går då frå to daglege avgangar til ein avgang.

Endring frå 2 til 1 dagleg avgang mellom Kirkenes og Tromsø.

Endring frå 4 til 3 daglege avgangar mellom Florø og Bergen.

Endring frå 2 til 1 dagleg avgang mellom Florø og Oslo.

Endring frå 2 til 1 dagleg avgang mellom Hovden og Oslo. Det vil framleis vere eit tilbod via Sogndal.

Anbodsrutene som Widerøe flyr på oppdrag frå Samferdselsdepartementet omfattast ikkje av endringane.

Misser statleg hjelp

I tillegg til lågare etterspurnad etter flyreiser peikar Widerøe også at to tilfelle av statleg hjelp for å sikre eit minimumstilbod no opphøyrer er ein viktig grunn til reduksjonen.

Samferdselsdepartementet gjorde grunna pandemien eit kjøp i mars som sørga for eit minimumstilbod på kommersielle kortbaneruter. Dette skal opphøyre frå oktober. Det skal også lettelsane i skattar og avgifter som vart gitt for å avhjelpe ei kriseråka luftfartsnæring.

Totalen gjer at Widerøe no ser seg nøydde til å redusere tilbodet på ei rekke kommersielle kortbaneruter.

– Widerøe er ikkje nøgd med det rutetilbodet som dei råka destinasjonane får som følge av dei justeringane som vi no er nøydde til å gjere. Dessverre har vi ingen val og er nøydde til å tilpasse oss dei rammene og etterspurnaden som gjeld, seier Christian Skaug, Kommersiell Direktør i Widerøe.

Han påpeikar at dei er eit kommersielt selskap som kjempar for å overleve midt i ein pandemi.

– Utan statleg hjelp klarer vi dessverre ikkje å halde oppe desse rutene, og det er vi verkeleg leie oss for, seier Skaug.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken