Gå til sidens hovedinnhold

Vurderer påbod om munnbind på skulane

Auka smitte i Norge kan gjere eit slikt tiltakt aktuelt, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

FIRDAPOSTEN: Ei mogleg dobling av den magiske korona-meteren, og påbod om munnbind på skulane. Det er tiltak som styremaktene no vurderer, ifølgje P4.

Mutasjonar

Bakgrunnen er den auka smitten vi no opplever, og at det i stadig større grad er meir smittsame mutasjonsvariantar av Covid-19-viruset som blir påvist rundt om i landet.

Verst utsett no er Oslo og Agder, men eit munnbind-påbod vil gjelde over alt, om det blir innført.

Dei eldre elevane

– Vi må vurdere om det i enkelte situasjonar er klokt å bruke munnbind på skular. Vi ønskjer å halde skulane opne, og då må vi gjere det på tryggast mogleg måte, seier Guldvog.

Det vil vere dei eldre elevane som vil bli omfatta av eit eventuelt påbod, seier helsedirektøren.

Kommentarer til denne saken