Gull-trenaren: – Beste kampen vi har spelt

GULL: Førde knuste Tromsø i seriefinalen i volleyball. Her feirar dei det fortente gullet.

GULL: Førde knuste Tromsø i seriefinalen i volleyball. Her feirar dei det fortente gullet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VOLLEYBALL: Førde knuste Tromsø i seriefinalen.

DEL

– Dette er den beste kampen vi har spelt i heile år. Vi spelte heilt fantastisk og det er ei enorm glede å ta seriegullet, seier Førde-trenar Jan Egil Tvinde etter finalen.

Førde sparte ikkje på noko då dei møtte Tromsø og vann 3–0 laurdag.

– Vi fekk til alt vi har øvd på og er gode i alle fasar av spelet. Dette var ein skikkeleg lagsiger der alle mann er like viktige. Vitor Macedo fordelte ballar som ingen andre kan. Vi var fantastiske i angrep og solide i blokk. Dette var utruleg kjekt at vi fekk det til i ein sånn kamp. Det var som om vi spelte på heimebane, seier ein entusiastisk Førde-trenar.

Førde-kaptein Mathias Loftesnes hadde òg mykje lovord om laget.

– Det er heilt vanvitig herleg. Alle spelte bra og vi hadde god kontroll gjennom heile kampen. Vi har aldri klart å forsvare eit gull før. I dag sparte vi ikkje på noko og vi viser eit betre toppnivå enn Tromsø, seier Loftesnes.

Bobler i både glas og bad

No skal gullgutane frå Førde feire skikkeleg i Nordens Paris.

– Det blir boblebad på hotellet og champagne på presidenten sitt rom. Det skal bli ei god feiring som vi avsluttar med god mat på restaurant, seier Jan Egil Tvinde.

Han får støtte frå kapteinen sin.

– Vi skal sleppe oss laus og verkeleg nyte gullet. Det kan ikkje bli betre enn det her, seier Mathias Loftesnes.

GULLGJENGEN: Seiersbilde av Førde volleyballklubb som skal feire seriegullet med bobler.

GULLGJENGEN: Seiersbilde av Førde volleyballklubb som skal feire seriegullet med bobler. Foto:

Game. Set. Match.

Det vart aldri spennande i finalen mellom BK Tromsø og Førde VBK når finalen vart blåst i gang laurdag. Førde tok tidleg kontroll over kampen og leia med fleire poeng i alle setta mot tromsøværingane. Førde vann setta 25-19, 25–16 og 25–17.

I andre settet var det heller ingen tvil då den første serven til Førde gjekk rett inn. Etter det bygde Førde seg ei 8-poeng leiing med stillinga 11–3 i andre sett. Etter det kom BK Tromsø meir inn i kampen, men Førde VBK klarte å halde på eit forsprang på eit par poeng.

På slutten hadde Førde eit godt overtak og vann andre settet 25–16.

I det avgjerande og tredje settet som BK Tromsø måtte vinne, fortsette Førde å plukke poeng. På stillinga 5–1 i tredje sett var det tydleg at Førde-spelarane var ved godt mot og ein dresskledd Jan Egil Tvinde byrja å trikse med volleyballen på sidelinja.

Overkøyring

Etter dette kom Tromsø meir og meir inn i settet, og utlikna til 5–5. Utover i det avgjerande settet tok Førde fleire poeng og leia jamt utover settet. Etter utrulege ballvekslingar klarte Førde å ta poeng etter poeng og kunne sleppe jubelen laus då dei vann siste settet 25–17.

Førde vann totalt 6–0 over BK Tromsø over to kampar.

Førdes mest verdifulle spelar (MVP) vart Mathias Loftesnes med 14 poeng, og Vitor Macedo vart kåra til banens beste av ein lokal jury.

Dette er første gang Førde VBK vinn serien to år på rad og nok ein gong ventar spel i Europa og Champions League.

Artikkeltags