Hendinga skal ha skjedd i rundkøyringa rett før skiljet til rv. 52 mot Hemsedalsfjellet.

Vogntoget var ifølgje Sogn Avis lasta med IKEA-møblar. Men før vogntoget kunne bergast, måtte heile lasta ut. Dette vart jobba med i fleire timar.

Trafikken gjekk som normalt forbi.

Bergens Tidende melde at sjåføren av vogntoget er ein mann i 30-åra. Han er politmeld for hendinga.

– Vi har ikkje kverrsett førarkortet, og det er ikkje mistanke om ruskøyring. Men det kan vere at bilen er lasta på feil måte eller sikra på feil måte, seier Tom Johannessen i Vest politidistrikt til avisa.

Vogntoget var berga før klokka 17.00.