Vogntog stod fast på Utvikfjellet

DEL

Vegtrafikksentralen vest melder at eit vogntog står fast på Byrkjelo-sida av Utvikfjellet på fylkesveg 60.

Slik vogntoget står vil ikkje store køyretøy komme forbi. Dei må bruke omkøyring via E39 og riksveg 15.

Det er passering for personbilar.

Etter om lag ein halvtime kom vogntoget seg vidare, og like før klokka 18.00 vart vegen opna for fri ferdsel.

Artikkeltags