Gå til sidens hovedinnhold

Vogntog stod fast mellom Sogndal og Skei

Tysdag morgon fekk eit vogntog trøbbel på riksveg 5 mellom Sogndal og Skei.

Det melde Vegtrafikksentralen på Twitter.

Vogntoget skal ha køyrt seg fast ved Frudalstunnelen som ligg i Sogndal kommune. Det er mogleg å passere i eit felt.

– Vi har varsla politiet og dei skulle sende ein patrulje fram til staden. Vi veit ikkje årsaka til at vogntoget har køyrt seg fast, seier trafikkoperatør Gaute Losnegård til Firda.

Klokka 8.04 var vogntoget kome seg laust, og begge felta vart opna for trafikk att.

Kommentarer til denne saken