Gå til sidens hovedinnhold

Vogntog stengde fylkesveg

Eit vogntog har køyrt seg fast på fylkesveg 614 ved Magnhildsskaret i Kinn kommune.

Det melder Vegtrafikksentralen på Twitter.

Vogntoget treng hjelp til å kome seg laust, og vegen er derfor stengt.

Vegtrafikksentralen opplyser at det er urklar kor lang tid det vil ta å få laust vogntoget.

Klokka 12:48 vart vegen opna for fri ferdsel att.

Kommentarer til denne saken