Gå til sidens hovedinnhold

Vogntog stengde fjellovergang

Rett før midnatt køyrde eit vogntog seg fast i Holesvingane på riksveg. 52 i Lærdal kommune.

Vegen vart stengd fram til 01:20 natt til fredag.

Bergingsbil frå Viking kom til staden og fekk vogntoget laust.

Også i Sogn er rute B på ferjesambandet Mannheller-Fodnes i Sogndal kommune, innstilt som følge av tekniske problem.

– Det har vore ei ganske stille og roleg natt, seier trafikkoperatør Tor Evensen ved Vegtrafikksentralen, til Firda.

Kommentarer til denne saken