Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 11.11 tysdag føremiddag at eit russisk vogntog har problem på Hemsedalsfjellet.

Vogntoget står no halvvegs ut av vegen, og det er behov for bilberging for å fjerne det.

Ulykka skal ha skjedd ved Bjøberg, der det no er eitt køyrefelt sperra på staden.

Vegtrafikksentralen skriv også at brøytemannskapet har meldt at trafikk bør vere obs når ein kjem i frå Vest.

Klokka 12.14 står vogntoget framleis fast, men det er mogleg å passere og det vert ikkje meldt om at det har oppstått kø på staden.