Vogntog sperra vegen på Utvikfjellet

Bilbergar er sendt til staden.

DEL

Firda fekk tysdag i 21-tida tips om eit vogntog som står fast på fv. 60 over Utvikfjellet. Dette vert stadfesta av Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Vi har fått fleire telefonar om det. Vogntoget står fast rett før toppen før skisenteret, på Byrkjelo-sida, seier han.

Trafikkoperatøren fortel at vogntoget truleg er for dårleg skodd, og at det er årsaka til at det ikkje kom seg vidare.

– Det sperrar no vegen. Det er full stopp der, seier Nedberge Hille.

Det er meldt om kø, men i kva omgang er ikkje trafikkoperatøren kjend med. Han fortel at bilbergar er på veg, men at det ikkje er meldt når bergingsbilen er venta på staden.

– Ikkje anna enn at ein kollega har informert om at den ikkje er så langt unna, seier han.

Klokka 21.35 blir det meldt at eitt felt er opna.

Artikkeltags