Vegtrafikksentralen melde klokka 12.15 at eit vogntog sleit på glatta og sperrar fylkesveg 607 i Fjaler. Køyretøyet stodi vegen ved Leitet, mellom Flekke og Hellevik.

Av Trafikkoperatør i Statens Vegvesen Christer Eide, fekk Firda opplyst at bilbergar var venta å vere framme ved staden rundt klokka 14.45.

– Sidan vogntoget berre står fast og ikkje har køyrt utfor vegen, vil eg anta at berginga ikkje vil ta lang tid, seier trafikkoperatør Jan Audun Marøy til Firda om ulykka.

Klokka 15.28 kom meldinga om at vegen var opna att for fri ferdsel, etter at vogntoget var fjerna.