Vogntog lasta med fisk har køyrd utfor vegen og velta

PÅ STADEN: Ein kan sjå snurten av det velta vogntoget til venstre i bildet.

PÅ STADEN: Ein kan sjå snurten av det velta vogntoget til venstre i bildet. Foto:

Sjåføren er bevisst. Delar av fiskelasten skal ha ramla ut.

DEL

Eit vogntog har køyrd av vegen og velta på E39 ved Bolset mellom Skei og Klakegg. Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.56 fredag kveld.

Vogntoget har hamna 20 meter frå vegen. Det var lasta med fisk i isoporkasser. Delar av fiskelasten har ramla ut av vogntoget, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

– Alle naudetatar er på staden. Det var berre førar i vogntoget. Han er tilsett av legen på luftambulansen, og det ser ut som han blir friskmeld, seier Rebnord.

Bilbergar er bestilt, men ettersom vogntoget ligg 20 meter frå vegen, vil bergingsarbeidet ta ei viss tid, opplyser Rebnord.

Det skal vere svært glatt på staden.

Klokka 19.49 melder politiet at vegen er opna for fri ferdsle. Bilberginga er utsett til laurdag, og vogntoget blir derfor liggande inntil vidare.

RASKT PÅ STADEN: Ifølge ein sjåfør Firda snakka med, var politi og brannvesen raskt på staden og fekk hjelpt sjåføren ut av det velta vogntoget.

RASKT PÅ STADEN: Ifølge ein sjåfør Firda snakka med, var politi og brannvesen raskt på staden og fekk hjelpt sjåføren ut av det velta vogntoget. Foto:

LIGG VELTA: Bilen hamna  20 meter nedanfor vegen.

LIGG VELTA: Bilen hamna 20 meter nedanfor vegen. Foto:

Har du bilde? Send gjerne til redaksjon@firda.no eller ring oss på 57833333

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken