Rett over midnatt blei det meldt ifrå om ein hjort som har blitt køyrt på av eit vogntog. Hendinga skjedde på E39 ved Egge i Gloppen kommune.
Det er ikkje kartlagt kven som har sete i køyretøyet, men ingen personskade har skjedd. Det er moglege skader på vogntoget.
Hjorten døydde på staden, og blei teken hand om av Vegtrafikksentralen.
Det stadfestar politiet sin operasjonssentral til Firda.