Vogntog fekk problem på fylkesveg 620 ved Kjøde
Vegtrafikksentralen melde like over klokka 16 at eit vogntog hadde problem på fylkesveg 620 ved Kjøde i Stad kommune.
– Større køyretøy kjem ikkje forbi, men det skal vere mogleg å passere for mindre køyretøy, melder Vegtrafikksentralen vest.
Klokka 17.40 melder dei at vogntoget er berga og at vegen er open for alle køyretøy igjen.
Kommentarer til denne saken