Gå til sidens hovedinnhold

Vitor (31) har signert ny kontrakt med Førde Volleyballklubb

Artikkelen er over 1 år gammel

Dette blir Macedos fjerde sesong som trenar.

Det melder volleyballklubben på Facebook-sida.

Vitor Macedo vart henta til Førde Volleyballklubb i 2017 som spelar på herrelaget og trenar for damelaget. Planen var å vere i Førde i eitt år, men slik gjekk det altså ikkje.

No er han trenar for både damelaget i klubben, men han er også hovudtrenar for juniorlandslaget for jenter og assistenttrenar for seniorlaget for damer.

Macedo vart også kåra til den beste oppleggjaren i Norge i år.

– Vi er glade for at Vitor tek ein ny sesong. Han kjenner no klubben betre enn dei fleste som kjem utanfrå, og har difor lett for å vere ein pådrivar på mange felt i klubben. Det passar godt inn i den kontinuerlege forbetringa av klubbdrifta, seier leiar Jan Egil Tvinde i ei pressemelding.

Han vil halde fram som spelar for herrelaget også den kommande sesongen.

– Vitor er ein god trenar for juniorar og seniorar, både i volleyball og på den fysiske delen, seier Tvinde.

Les også

Geir Eithun blir sportsleg leiar for herrelaget i volleyball

Kommentarer til denne saken