EAVIS OG UTGAVER

Les dem her

Om "Nært & kjært" i Firda

Kva er dette?

Dette er ei teneste der lesarar i Firda kan helse og gratulere kvarandre med dagen, annonsere nyfødde og nygifte. Helsingane kjem rett ut på nett, der dei kan delast på epost og vidare ut på nettet, og dei kan kommenterast av andre lesarar. Helsingar og gratulasjonar kan også komme i papiravisa, sjå omtalen av dei forskjellige produkta. Hugs at avisa har trykkefristar, så det er lurt å vere ute i god tid. Tenesta er laga av Amedia Utvikling for avisene i Amedia-konsernet. Tilbod, prisar, vilkår og fristar varierer mellom avisene.

Betaling

Nokre helsingar kan koste pengar. Det ser du når du bestiller dei. Betalinga gjennomfører du på nettet via Dibs si sikre løysing for kortbetaling. Du kan bruke Mastercard og Visa. Det vil stå Amedia Utvikling AS på kontoutskrifta di.

Helsingar er offentlege

Helsingar og bilete vert lagde ut på nett med ein gong dei er sende. Dei blir liggjande og kan søkjast opp og lesast av andre. Alt innhald, både bilete, helsingstekst og kommentarar, er offentleg. Kven som helst kan dele ei helsing eller eit bilete på Facebook og andre sosiale medium.

Endring og sletting

Når du legg inn ei helsing, kan du endre eller slette helsinga sjølv. Om du har valt at helsinga skal til papiravisa, vert den overført dit etter om lag 10 minutt. Ynskjer du deretter å endre noko, må du sende ein epost til avisa: post@firda.no.

Innlogging

For å lage ein helsing eller kommentere på ein anna helsing, må du verifisere deg ved å logge inn. Du kan velje mellom forskjellige tredjepartstenester (for eksempel Facebook) og må godta dette overfor tenesta for å få logga inn. Du blir kanskje også beden om å stadfeste mobilnummeret ditt.

Kven har opplysningane dine?

Konsernet Amedia og Firda har innloggingsopplysningane dine; kva teneste du logga inn med og andre opplysningar du har delt frå innloggingstenesta (for eksempel Facebook), eller delt med oss. Vi sparer ikkje på alt tredjepartstenesten du bruker til å logge inn med (for eksempel Facebook), gir oss (for eksempel vennelister), men opplysningar om namn, telefonnummer og epost. Vi deler ikkje opplysningane dine med nokon andre. Du kan få førespurnader frå avisa.

Kontakt

Lurer du på noko om tenesta, ta kontakt med oss: post@firda.no.