Vatn, vind og veps

Laurdag 16. mars kl.14:00-17:00
Hafstad vidaregåande skule, Førde
FørdeOpne kart
kart
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil framleis ha “summetonen” og pollinerande insekt. Vi kjempar for ein rein Førdefjord og vi trur ikkje det er lurt å byggje ned vår siste urørte natur med vindturbinanlegg. Vil du vite kvifor? VATN. Kva skjer med Førdefjorden? * Innleiing v/Anne-Line Thingnes Førsund, gruveutvalet i Naturvernforbundet * Undervassfoto frå "deponiområdet", av Erling Svensen, * Kortfilmen "Svanesong" av Marius Kaniewski Spørsmål og debatt. VEPS: Kva skjer med insekta? * Nestleiar i Naturvernforbundet, Øyvind Johnsen, gjer oss litt klokare. VIND: Kva skjer med vinden? * Leiar i Naturvernforbundet i Flora, Jon Anders Stavang, fortel kva vindindustri er, kvifor inngrepa er så store og kva skadeverknadene er. Er nasjonal ramme for vindkraft eit verkty for å gjere norsk natur om til industrilandskap? Alle er hjarteleg velkomne. Gratis inngang for medlemer i Naturvernforbundet og Natur & Ungdom. Kr 50.- for andre. Eller meld deg inn for kr. 200.-