Opning av Hundre års mangfald

Laurdag 16. mars kl.13:00-16:00
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
FørdeOpne kart
kart
Opning av "Hundre års mangfald - Norske grafikere 100 år" ved biletkunstnar og grafikar Karen Helga Maurstig. Enkel servering. I jubileumsåret 2019 vil vi helse og heidre jubilanten med eit grafisk djupdykk i samlingane våre. Heilt i botn av hundreåret finn vi eit tresnitt av Nikolai Astrup, der utstillinga startar oppstiginga mot tida der breidda i samlinga er størst. Frå eit større tilfang av grafiske verk frå siste halvdel av nittenhundretalet og fram mot i dag, vil vi vise mangfaldet i metode, uttrykk og ikkje minst grafikken som massemedium. Kurator: Stein Sandemose Baardsen Verksfoto: Egil Røed, Generalprevensjon II, 1972, serigrafi.