Moder Jord

Sundag 17. mars kl.14:00-18:00
Utstillingssalen, Førdehuset
FørdeOpne kart
kart
INNBYDING TIL UTSTILLINGA «MODER JORD» i Utstillingssalen i Førdehuset. Søndag 17. mars er siste dagen å få med seg denne utstillinga. Eit samarbeidsprosjekt mellom visuelle kunstfag ved Førde Kulturskule, Hafstad vgs. (lina for kunst, design og arkitektur - KDA) og Sunnfjord Kunstlag. Elevarbeid vert samanfatta i ei utstilling «Moder Jord» som vert synt i Utstillingssalen i Førdehuset 9. til 17. mars. Ein finn både veggbasert kunst, frittståande/tredimensjonale arbeid og animasjonsfilm. Elevane har korte tekstar til nokre av arbeida. Nokre av dei tek del i dei ulike oppgåvene som følgjer med eit utstillingsarrangement, så som annonsering/plakat, utstillingsmontering, opning, vakt o.a. Opningstider: laurdag 13-16, sundag 14-18, tysd. 13-18, torsd. 18-20, onsd.&fred. 14-17, månd. stengt. Vel møtt!