Beate Einen glasinstallasjon

Sundag 24. februar kl.11:00 til sundag 7. april kl.16:00
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
FørdeOpne kart
kart
150 kvadrat og 7 meter takhøgde fyllast med kunstglas! Beate Einen frå Sotra håpar å overraske dei besøkende når ho opnar dørene til si separatutstilling "Lysglimt - en hyllest til en mor" ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Einen har tidligare stilt ut ved ei rekke profilerte galleri og messer, deriblant; Sotheby’s og Saatchi Gallery i London, Sofa i Chicago og Maison & Objet i Paris. Men denne utstillinga vert annleis seier Einen; "større, eksperimentell og overraskende. Jeg leker med rommets flater og lager installasjoner som fyller vegger tak og gulv. Det blir en helt ny måte for meg å arbeide med glass". Utstillingskoordinator: Inghild Venås, SFKM Fotograf: Monica Johansen