Audun Hugleiksson og Magnus Lagabøters Landslov

Onsdag 13. februar kl.11:00-13:00
Festsalen, Førdehuset
FørdeOpne kart
kart
Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Universitetet i Bergen, kjem til Senioruniversitetet med forelesinga: Audun Hugleiksson og Magnus Lagabøters Landslov av 1274 - Jølstringen som var med å revolusjonera norsk rett. Jølstringen Audun Hugleiksson var kong Magnus Lagabøter sin stallare, som vil seia juridisk rådgjevar. I ei islandsk kjelde er han sagt å ha vore den som visste mest om norsk rett. Ein har difor rekna det som sikkert at han var ein av dei som laga Landslova av 1274. Dette er eitt av fire landsdekkjande lovverk som vart laga i Europa i mellomalderen. Den var ein del av eit stort lovgjevingsprosjekt som strekte seg over 20 år, og som i tillegg omfatta ei bylov, ei administrasjonslov, og ei lovbok for Island. Landslova var viktig for omdanninga av det norske riket frå eit ættesamfunn med slaveøkonomi, til eit samfunn der òg dei svakaste hadde rettar og fekk hjelp til å etablera eiga økonomisk verksemd. Og den var svært vellukka. I dag har ein bevart 37 manuskript og 49 unike manuskriptfragment av Landslova, og truleg fanst det heile 1 manuskript av Landslova per 1150 innbyggjar i det norske riket om lag 1350. Det vakraste av desse manuskripta er Codex Hardenbergianus, som no er lånt ut til Nasjonalbiblioteket, og skal utstillast permanent der frå januar av. Manuskriptet er eit kunstverk, og bilete derifrå vil verta nytta under føredraget som illustrasjon. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, og vart same året professor i rettshistorie der. Han har sidan 2006 vore forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal, og var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen. Sunde har skrive og redigert åtte bøker, publisert over 100 artiklar og essay, har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, og fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling. Arrangør: Senioruniversitetet i Førde