Julenissetog i Florø

Sundag 9. desember kl.13:00
Torggata Florø
Florø, FloraOpne kart
kart
Bli med Julenissen i tog gjennom Strandgata! Søndag 9 desember kl 13.00 må alle smånissar og store nissar bli med Julenissen når han kjem på reinsdyret sitt Rudolf (den liknar litt på ein hest altså) gjennom Strandgata! På med nisselua og nisseutstyret og møt den ekte julenissen kl 12.50 ved Quality Hotel. Så går vi i eit stort julenissetog gjennom Strandgata og opp til Julemarknaden i Torggata! Der set Julenissen seg i julenisse-kroken sin og inviterer smånissene til få ein liten snopebit frå sekken sin - og så får du gratis graut og saft av Bordgleder! Det blir mykje anna kjekt program på Julemarknaden denne søndagen; Kulturskulen sine songelevar har opptreden. Og kulturskulen sine danseelevar visar utdrag frå "Nøtteknekkeren". Jomentum Barnekor skal i sving, og i julebodene finn du mange flotte julegåver. Det gjer du også i butikkane i byen som har ope kl 14-18 denne søndagen. , Juleverkstaden på Julehuset i Byakvariet er open kl 12-18. Ingen påmelding. Les meir om Julemarknaden "Jul i Byen" på florø.no