Julemarknaden i Florø

Sundag 9. desember kl.12:30-18:00
Torggata Florø
Florø, FloraOpne kart
kart
JULEMARKNAD i FLORØ 7. - 9. desember og 15-16. desember Julemarknaden i Florø er ei oppleving for heile familien – og for alle sansane! Alle skal finne noko dei gler seg over; underhaldning, mat, drikke, julegåver, song og musikk! På julemarknaden i Torggata vil du finne koselege julebuer med mat og drikke frå lokale produsentar, og flotte handverksprodukt i mange sjangrar som passar under juletreet:-) Alle dagane vil det også vere juleinnslag på marknaden som set deg i julestemning. Til dømes: Julepølseverkstad – sjå og delta i julepølselaging Jomentum Barnekor opptrer Spikkeverkstad; Kystmuseet lagar spikkeverkstad – barn og vaksne kan lage eigne julegåver Sjøspeidarane med linekasting, spikkekrok og knutekrok Koret Gnist opptrer Koret Gammen opptrer Flora kulturskule vil ha fleire innslag - dans og musikk Florø Drill opptrer Florø Bakeri med kakemenn som barn får konditorfarge i Kakemann-kroken Steinar Svardal svingar opp med servering av gløgg, vin og øl, bratwurst frå grill og anna godt i juleteltet Kystnissen og julenissen kjem Korps og andre musikalske innslag Opningstider julemarknaden i Torggata - Jul i Byen: Søndag 9. desember kl 12.30 – 18.00 (alle butikkar er søndagsopne kl 14-18) Laurdag 15. desember kl 11.00-16.30 Søndag 16. desember kl 12.30 – 18.00 (alle butikkar er søndagsopne kl 14-18) Sjå detaljert program på florø.no. Vi gler oss stort :-) Kontakt oss for info: Per Øyvind Helle, Byen Vår Florø, 40402905, post@byenfloro.no