Messias av Händel

Laurdag 8. desember kl.18:00
Førde kyrkje
FørdeOpne kart
kart
I ei travel førjulstid ønsker vi alle velkommen til ei roleg stund i kyrkja. Vi inviterer til konsert med musikk som vart skapt midt på 1700-talet, i ei heilt anna tid, og for eit publikum med heilt andre liv enn dei vi lever i dag. Songdal songlag og Førde kammerkor skal framføre det storslåtte oratoriet Messias av Georg Friedrich Händel. Messias vart første gong framført 13. april 1742 i Dublin. I moderne tid har det blitt eit av dei mest spelte kyrkjeverka i adventstida, og mange kjenner musikken frå tidlegare. For mange er "Hallelujakoret", slutten av andre del, uløyseleg knytt til julehøytida. Verket er skrive for kor, orkester og fire solistar. Tekstane er henta frå fleire bøker i bibelen. Musikken vekslar mellom mektige og vare korsatsar, resitativ som gjer greie for handlinga, og ariar med refleksjonar og tankar kring ulike hendingar og varslar. Vi i Sogndal songlag og Førde kammerkor gler oss til å framføre verket. Orkesteret vårt er sett saman av distriktsmusikarar, amatørar og innleigde profesjonelle musikarar. Fire flotte solistar har vi og med på laget, alle med sterk forankring i Sogn og Fjordane. Som tidlegare år har vi med oss Christine Marøy som sopransolist, ho underviser i song ved kluturskulen i Førde og har mange sangoppdrag rundt om i fylket. Også Songdal songlag sin faste dirigent Bjørn Gisle Seter er med som solist. I tillegg ser vi fram til å presentere to unge solistar frå fylket. Mari Askvik skal synge altrolla, ho er frå Leikanger og har utdanninga si frå Operahøgskolen i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Griegakademiet i Bergen. Eivind Kandal syng tenorrolla. Han avslutta utdanninga si ved Operaakademiet i København våren 2017, og er no tilsett som solistpraktikant ved Den norske Opera og Balett. Tidlegare i haust vart han ein reddande engel for Opera Nordfjord, når hovudrolleinnehavaren vart sjuk. Eivind steppa inn på kort varsel og gjorde ein strålande jobb som tenorsolist! Ekstra kjekt er det at vi i år har med oss nokre særs unge stemmer i sopranrekka i koret. Elevar frå kulturskulen i Førde skal vere med på tre av korsatsane. Musikalsk leiar er Asbjørn Flåm, som til dagleg er kantor i Førde kyrkje og Førde kammerkor sin faste dirigent. Sogndal songlag har øvd inn verket under leiing av sin faste dirigent Bjørn Gisle Seter.