Open pepperkakebygd i Movika!

Sundag 9. desember kl.12:00-16:00
Sunnfjord Museum, Movika, Førde
FørdeOpne kart
kart
Har du fått med deg den fine "Pepperkakebygda mi 2018" på museet? Kom innom for å sjå på alle dei fine husa og figurane vi har fått inn, prøv deg på julerebusen i tunet og sjekk ut museumsbutikken om du er på leit etter julegåver. Vi byr på pepperkaker og gløgg til alle som kjem, og det er også sal av kaffi, kakao og andre kioskvarer. Billettprisar: Born 0-5: gratis Born frå 5 år, vaksne, studentar og honnør: 30 kroner Pepperkakebygda er også open i museet sine vanlige opningstider (måndag til fredag 10.00–15.00)ogsundag 16. desember 12.00–16.00. Hjartleg velkomen!