Juleutstilling i regi av Flora Kunstlag

Fredag 23. november kl.19:00 til sundag 16. desember
Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Brendøya, 6907 Florø
Florø, FloraOpne kart
kart
Flora Kunstlag inviterer til opninga av den årlege juleutstillinga vår fredag 23. november kl. 19 på Kystmuseet! Årets utstilling vert eit gledeleg gjensyn med bildekunstnaren Tommy Jansen Bredesen frå Florø, som stiller ut saman med keramikar Anita Holmøyvik frå Nordfjord og glaskunstnar Pål Roland Janssen frå Oslo. Det vert musikkinnslag og nydeleg song med Kristin Skau og lett servering. Gratis inngang på opningsdagen. Utstillinga varer til 16. desember og kan besøkast i opningstidene til Kystmuseet i Sogn og Fjordane (måndag til fredag kl 10-15 og søndag kl 12-15), billett kr. 50, gratis for medlem av Flora Kunstlag.