Mønstring 2018

Sundag 11. november kl.11:00 til sundag 3. februar kl.16:00
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
FørdeOpne kart
kart
Utstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mønstring vert arrangert kvart tredje år ved SFKM i Førde. Utstillinga har ein lang tradisjon og har gjennom åra vore organisert på fleire vis, men målet har vore det same: Å gje dei regionale kunsthandverkarane og biletkunstnarane høve til å syne kva dei arbeider med og såleis gje eit bilete av kva som går føre seg i det regionale kunstlivet. Foto av: Marit Thingnes, Babettes gjestebud, 2018, installasjon.