"I naturen"

Fredag 29. juni kl.11:00 til sundag 13. oktober kl.16:00
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
FørdeOpne kart
kart
- ei utstilling for deg som let deg fasinere av natur Landskaps- og naturskildringar har ei lang historie innanfor biletkunsten. I høve Den Norske Turistforening sitt 150-års jubileum, vil vi syne fram eit utval verk frå samlingane som krinsar kring temaet natur. Har du nokon gong opplevd å stå framfor eit landskap og kjenne at du ser det gjennom eit slags filter? At til dømes eit Astrupmaleri du har sett, legg seg mellom deg og landskapet, slik at du ser det med andre auge? Kva har kunstnaren lagt til og trekt i frå i si skildring? Kva har han lagt vekt på? På kva ulike måtar har kunstnarane skildra naturen og kva natur er det dei skildrar? Kva årstid og lysforhold har dei valt? Verka i utstillinga er laga over ein periode på 125 år, frå 1886 til 2011, og kjem frå samlingane i Førde, Jølster og Lærdal. Kunstverk: Susanna Majuri, Joutsen (Swan), 2011.