Dette er kalenderen i Firda

Avisas kalender ligg på adressa https://www.firda.no/vis/kalender og fungerer både på store og små skjermar (vanleg desktop/laptop, nettbrett og smarttelefonar). Vi ønsker å vise både store og små arrangement av alle slag, så lenge dei er opne og interessante for fleire. Den same løysinga vert brukt av alle avisene i Amedia-konsernet. Den enkelte avis kan ha eigne reglar for utvalet, og står fritt til å redigere det som vert sendt inn. Avisa kan dele kalendarinformasjon vidare med partnerane sine, til dømes reiseliv og offentleg informasjon.

Slik bidrar du til kalenderen:

Kalenderen henter arrangement frå fleire kjelder - TicketCo, Amedias aviser og Underskog. Har du arrangementet ditt ein av stadene allereie, treng du truleg ikkje klippe og lime og sende oss det på nytt. Sjå her:

Facebook:

Det har vore mogeleg å automatisk hente arrangement til avisas kalender frå Facebook via bagera.no. Dette kan vi dessverre ikkje gjere lenger, etter større endringar Facebook gjorde i sine API i april 2018.

Underskog og Ticketco

Vi hentar også alt som vert lagt inn på underskog.no og ticketco.no og viser det som skjer i avisas område.

Eller send inn her:

Er ikkje arrangementet ditt på nokre av desse stadene fra før, ønsker vi deg velkomen til vårt eige innsendingsskjema her i avisa: Legg inn nytt arrangement i Firda

Redigere arrangement du har oppretta

Sjå på epostkvitteringa du fekk, der ligg lenka. Eller søk arrangementet opp her i kalenderen. Du må være logga inn.

Har du noko som skjer ofte?

Strikkekafé kvar torsdag eller ein revy med fleire framsyningar? Slike gjentekne arrangement lagar du ved å legge inn det første arrangementet, og idet du er ferdig, følgje lenka til å lage fleire på basis av det same. Då endrar du berre dato (og eventuelt tekst, dersom t.d. programmet endrar seg frå gong til gong.)

Berre arrangement som faktisk varar kvar dag (utan eller med få unntak) over lengre tid skal leggast inn med varigheit over fleire dagar. Til dømes utstillingar og festivalar.

Avisa avgjer

Kalenderen vert moderert av avisa, og det kan derfor hende at arrangementsoppføringar vert redigert eller sletta dersom dei inneheld feil eller ikkje er relevante. Arrangementet ditt kan også verte trykt i papiravisa. Det er berre arrangement som er kartplassert innanfor avisas dekningsområde som vil vise. (Same arrangement kan derfor synast i fleire avisar dersom dei overlappar.)

Kontakt avisa dersom du har spørsmål

Dersom du har spørsmål, kontakt avisa: https://www.firda.no/kundesenter

Laga med Bagera

Arrangementa i avisas kalender er henta frå kalenderappen Bagera, som igjen samlar arrangement frå fleire brukarskapte kjelder. Bagera er basen for kalendersidene i alle Amedias avisar.

Bagera er ein webapp - det vil seie ei teneste som fungerer i nettlesaren. For å få den som app, går du til bagera.no i nettlesaren på smarttelefonen din og bokmerkar/legg den på heim-skjermen. Bagera viser deg det som skjer rundt deg no, der du oppheld deg og ei oversikt over kva du og vener skal.