Annonsørinnhold fra Høyanger vgs.
Hva er dette?
Helsefag: Overraskande bra på skulen, men enda betre på jobb!
Catalina Farias (18) var usikker på om ho kom til å trivast på den nye helsefagutdanninga ved Høyanger vidaregåande skule, saman ved vaksne elevar. No likar ho seg så godt som lærling at ho ikkje skjønnar kvifor ikkje fleire vel denne retninga.
Annonsørinnhold fra
– Eg gler meg verkeleg til å gå på jobb! Catalina Farias sprudlar når ho fortel om den reisa ho har hatt frå yrkesfag og til ho no har læretida si i Høyanger Kommune, ved Kyrkjebø Sjukeheim.
Catalina byrja på Vg1 Helse- og oppvekstfag hausten 2019, då den første klassen etter den nye modellen blei starta. I fjor gjekk ho på Vg2 Helsearbeidarfag, og fram til august 2022 er ho no altså lærling.
– Eg har så gode kollegaer og så topp sjef at eg verkeleg trivst her. Og det er noko heilt anna å vere her fast enn berre 14 dagar i praksis. Det var veldig bra å gå ta helsefag på skulen, men enda betre no på jobb, seier ho.

MEIR ENN FAGBREV: Catalina Farias er fast bestemt på å fullføre fagbrev innan helsefag, men deretter kan det bli meir utdanning – den yrkesretta opplæringa ved Høyanger vidaregåande skule har gitt henne lyst til å lære meir.
Viktig kompetanse
– At vi kan gi eit tilbod om opplæring både til ungdom og vaksne som ynskjer denne yrkeskompetansen, er svært viktig – både for dei det gjeld, og for rekrutteringa i helsevesenet, seier Torill Thorbjørsen, rektor ved Høyanger vidaregåande skule.
Vg1 Helse- og oppvekstfag i Høyanger er nemleg ein klasse der åtte av plassane er reservert søkjarar med ungdomsrett, og sju av plassane er sett av til elevar med vaksenrett. Catalina gjekk på det første kullet som blei starta etter denne modellen.
– Alle saman har fått læreplass etter Vg2. Det er kanskje det beste provet på at denne yrkeskompetansen er etterspurt, seier Thorbjørnsen.
Topp med blanda klasse
Catalina pratar livleg i veg når ho ser tilbake på tida ho har vore elev ved helsefagutdanninga ved Høyanger vidaregåande skule.
– Det var jo ein blanda klasse, med både ungdom og vaksne elevar. Eg var litt spent på korleis det ville bli. Men det var jo heilt topp! Eg fekk god kontakt med alle i klassen, og kunne gjerne stille som barnevakt for nokre av dei vaksne klassekameratane mine, minnest Catalina.
Ho trekker også fram at tonen med lærarane er god, og noko heilt anna enn på ungdomsskulen.
– Vi var ein livleg, men samtidig seriøs gjeng. Lærarane behandla alle som vaksne. Og det fungerte, for dei trong ikkje å bruke kjeft eller å kommandere, seier ho når ho tenkjer tilbake på tida på skulen.
Noko heilt anna enn grunnskulen
Ein annan overgang frå grunnskulen til yrkesopplæringa i helsefag er alt utstyret dei har tilgjengeleg. Dokker, senger, rullestolar, bandasjar, sprøyter og nåler.
– Her var det lagt opp til at vi skulle lære både det praktiske og teori. Det likte eg godt, og det fungerte bra for meg, forklarar Catalina

GOD PASIENTKONTAKT: Catalina Farias øver på å ta blodtrykk. – God pasientkontakt er viktig i faget vårt, seier ho.
– Men den beste overraskingane var faga, faktisk. Det var både interessant og lærerikt. Det hadde eg ikkje trudd, innrømmer Catalina.
Fantastiske lærarar
Eit anna høgdepunkt som Catalina trekker fram frå tida ved Høyanger vidaregåande skule, er lærarane, spesielt dei to som underviser i helsefaga: Audun Rørvik og Marita Neverdal.
– Lærarane på helsefag er heilt fantastiske, spesielt Audun og Marita. Audun let oss til og med øve oss på å stikke på han!

GOD NÆRKONTAKT: Marita Neverdal stortrivst som lærar ved Høyanger vidaregåande skule. – Eg set spesielt pris på den nære og gode kontakten med elevane, seier ho.
At Høyanger vidaregåande skule ikkje er blant dei store, reindyrka yrkesskulane, synest Catalina er ein fordel:
– Miljøet på skulen var heilt topp. Der går alle i lag, både studiespesialiserande, elektro og maskin, og vi var tett på dei andre klassane på skulen.
For dei som bur litt lenger unna, kan det vere verdt å få med seg det Catalina har erfart: «Helsefag er overraskande bra!»
Les meir om studietilbod i Høyanger