Annonsørinnhold fra Høyanger vgs.

Hva er dette?

Forelska i Høyanger

For Caroline (18) frå Sande er Høyanger vidaregåande skule blitt ei aha-oppleving: Då ho var 16, viste ho ikkje eingong at det fanst studiespesialisering her. No har ho opplevd fordelane ein mindre skule gir – og har til og med funne kjærleiken.

Annonsørinnhold fra

 Eg har fått utvikla meg i Høyanger, og det gjeld ikkje berre skulefaga, seier Caroline Grepstad.

Det gjeld nemleg også for musikk og skikøyring. I denne samanhengen spelar ein gut som heiter Sander ei vesentleg rolle. Men først tilbake til då ho oppdaga det studiespesialiserande tilbodet ved Høyanger vidaregåande skule.

GOD STEMNING: Mangnar i kantina har alltid eit smil på lur. – Det gjer at dagen litt betre, seier Caroline. 

Da Caroline ville skifte frå ei rein musikklinje til stud. spes. tidleg i Vg1, var ho ikkje ein gong klar over at dette tilbodet fanst i Høyanger. Grunnen til at ho i det heile hamna her, var ganske enkelt at skulen ringde henne opp og kunne tilby ein plass.

Allereie den første veka kom ho inn i klassemiljøet i 1STA, og fekk nye venner – mellom andre Sander. Ho møtte også gode lærarar, og ho opplevde at ein skule som ikkje er så stor gjer at alle får god kontakt med alle – også mellom yrkesfaga og studiespesialiserande retning.

Vg1 Studiespesialisering i Høyanger

•30 timar fellesfag kvar veke

•Legg grunnlaget for studiekompetanse

•Tett oppfølging frå lærar – her blir kvar einskild elev sett

•I Høyanger kan du velje Realfag eller Språk og samfunnsfag på Vg2 og Vg3

Les meir om studietilbodet ved Høyanger vgs her

Berre å banke på

No er ho på «oppløpssida» mot vitnemål og russetid. Når ho ser tilbake på det som utvilsamt har vore ei spesiell tid for alle, ser ho enda fleire fordeler med å gå på ein liten skule.

– Det at vi har vore eit lite miljø, har vore spesielt viktig no i koronatida. Klassen har heile tida vore ein samla kohort, og skulen er stor nok til at vi har fått lov til å vere her, også på raudt nivå, fortel ho.

Også den tette kontakten med lærarane har vore viktig i denne perioden:

– Vi har gode lærarar som er lette å ta kontakt med. Bortsett frå då skulen var heilt nedstengd, er det berre å banke på for å snakke med dei, seier Caroline.

Best utan buss

Andre høgdepunkt Caroline trekker fram ved å gå ved Høyanger vidaregåande skule, er at elevane har studiedag annakvar fredag (opparbeidd med litt lenger dagar elles), og at klassen ho går i er så samansveisa.

– Eg har fått utvikla meg i Høyanger, og det gjeld ikkje berre skulefaga.

– Eg høyrer jo om at det ved større skular gjerne bli ein del klikkar. Her er vi éi gruppe. Spesielt no når det går mot russetid, ser eg det som ein stor fordel, seier ho.

Slik det ser ut no, er det nemleg godt håp om at det både kan bli russetreff i Kongeparken, og at 3STA kan få gjennomført den lenge planlagde klasseturen til Roma.

I Høyanger er det ikkje tradisjon for russebussar. Dei prioriterer nemleg heller å spare til fellesaktivitetar som den tradisjonsrike klasseturen.

– Det er i grunnen mykje press og stress med russebussar. I Høyanger slepp vi det, fortset ho.

Stå framfor heile skulen?

Dei som kjenner Høyanger, veit at det finst eit godt musikkmiljø der. Men det er kanskje ikkje så mange som veit at fleire av dei lokale musikarane også er lærarar ved Høyanger vidaregåande skule?

LIVET UT: Ein av lærarane i bandet sa det så fint, synest Caroline: «Det er så bra å starte i band. For skulen varer jo berre nokre få år, men musikken varer livet ut.»

Dette blei den første store utviklinga for Caroline i Høyanger. Ho har alltid vore lidenskapleg oppteken av musikk, og har sunge heile livet, men mest i smug.

Allereie i første klasse blei ho utfordra til å synge saman med lærarbandet på juleballet. Ho hadde lyst, men grua seg også mykje: Korleis ville det vere å stå framfor heile skulen?

Ekstranummer

– Sander støtta meg, og det hadde mykje å seie, fortel ho.

Då dagen kom, var ho derimot både nervøs og forkjølt, og fast bestemt på å framføre berre ein låt.

Men så snart Caroline kom i gang, forsvann nervane, og ho levde seg inn i musikken, inn i den friheita og dei følelsane ho likar så godt. Elevane song med og byrja å danse.

Slutt etter berre ein song? Ikkje snakk om – dei ropte på meir! Så ja, det blei eit «ekstranummer» i form av at ho også tok Sam Smith-låten ho hadde i bakhand.

– Folk eg ikkje hadde snakka med før kom bort og sa at det var bra. Det var veldig kjekt, minnest Caroline.

ALLTID SUNGE: Caroline Grepstad har sunge så lenge ho kan hugse. Spele kan ho også. I tillegg skriv ho dikt.

Utfordra på ski

I Høyanger fekk Caroline også ei heilt anna utfordring enn å stå på ei scene: Å stå på ski. For all del, ho hadde hatt ski på beina tidlegare også. Men så heftig skikøyring som Sander ville ha henne med på, det var noko nytt.

Sander Brix Longfellow går i same klasse som Caroline. Sidan hausten 2019 har dei vore eit par. Og sidan Sander er ein friskus på ski, fekk Caroline ei utfordring då ho skulle vere med han ned bratthenga på Filefjell.

– Sander har verkeleg utfordra meg!

No siktar dei to mot å flytte saman til Trondheim til hausten. Det som starta som ein tilfeldig ledig plass ved studiespesialisering på Vg1 på Høyanger vidaregåande skule, ser altså ut til å forme framtida til Caroline.

Les meir om studietilbod i Høyanger

Hugs søknadsfristen 1. mars.

Del artikkelen på Facebook