Annonsørinnhold fra Høyanger vgs.
Hva er dette?
Anne Karen (33) er pilotelev: No kan også du søke påbygg i Høyanger
Manger tenkjer at dei skulle ha teke meir utdanning. Ikkje alle gjer noko med det, men det har Anne Karen Instefjord gjort: – Det gir meirsmak!
Annonsørinnhold fra
– Eg hadde tenkt på det i mange år; at eg vil prøve meg tilbake på skulebenken, fortel Anne Karen.
Tankane har heile tida gått mot å utdanne seg til å bli sjukepleiar. Sidan ho gjekk yrkesfag da ho tok vidaregåande utdanning i første omgang, må ho no først sikre seg studiekompetanse.
Som ein slags pilotelev på det nye tilbodet ved Høyanger vidaregåande skule, fekk ho allereie starte på dette løpet hausten 2021. Neste skuleår, hausten 2022, og med søknadsfrist 1. mars, vil dette vere eit nytt tilbod som er mogleg å søke på for alle.
Noko heilt anna
– Det har gått veldig bra, seier Anne Karen smilande frå klasserommet til 2STA. Ho er akkurat no i gang med ein dobbeltime i norsk.
– Det er klart at det er mykje jobb, og akkurat norsken er noko heilt anna enn det vi hadde på yrkesfag. Men at eg har klart det så bra, det gir meirsmak, fortset ho.
Ho opplever det å gå på skule langt meir positivt enn det ho gjorde som tenåring.
– Eg er jo blitt mamma no, og har eit meir seriøst forhold til skulearbeidet. At eg også har eit klart mål eg vil oppnå, er ein stor fordel, fortel ho.
Mange som Anne Karen
Påbygg, studiespesialisering i Høyanger
- 30 timar fellesfag kvar veke
- Legg grunnlaget for studiekompetanse
- Tett oppfølging frå lærar – her blir kvar einskild elev sett
- Primært for dei som har fullført fag- og yrkesopplæring
- Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgskule og universitet
- I Høyanger kan du velje Realfag eller Språk og samfunnsfag og på Vg2 og Vg3
Rektor Torill Thorbjørnsen har gjennom åra sett mange vaksne elevar som har hatt same erfaring med eit «skulecomeback» som det Anne Karen no gjer seg:
– For mange vil det ofte vere sunt med ein pause frå skulebenken for å jobbe og skaffe seg erfaringar. At det da er så tungt å komme i gang igjen, er eigentleg ei myte. Motivasjonen er høg blant dei vaksne som tek fag for å sikre seg studiekompetanse, seier Thorbjørnsen.

GOD IDÉ: Rektor Torill Thorbjørnsen har røynsle med at mange som vel å ta utdanning i vaksen alder lukkast med det.
Til no har dei som vil sikre seg studiekompetanse ved Høyanger vidaregåande skule tatt dette som privatistar eller delkurselevar.
– Når vi no kan tilby påbygg som søkbart tilbod, er det ein stor fordel, både for oss om skule, men også for dei elevane som da får ei fast tilknyting til skulen, meiner ho.
Godt miljø
Ei anna bekymring mange har, er at det vil være litt rart å gå saman med tenåringar på skulen, når ein sjølv kanskje er i 20- eller 30-åra.
– Det har vore ei positiv overrasking. Det er ikkje kleint å være saman med 17-åringane. Dei yngre er jo så positive og inkluderande. Det er også lite styr mellom elevane, seier Anne Karen.
Ho gjer derfor så mykje som ho kan av heimearbeidet i faga på skulen.
– Lærarane her stiller opp og er tilgjengelege. Og det er veldig greitt å få låne eit grupperom. Derfor fungerer det best for meg å «gå på jobb» på skulen, og ha fri når eg er heime, forset ho.
Kan anbefale Høyanger
Anne Karen Instefjord er som namnet tyder på opphaveleg frå Høyanger sørside. Dei siste åra har ho derimot budd i tettstaden, og både som elev og ung vaksen, meiner ho Høyanger har mykje å by på.
– Vi har badeland, kino og treningssenter, og mange som driv aktiv idrett. Vi har det vi treng her i Høyanger, avsluttar ho.
Les meir om studietilbod i Høyanger