Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

Monica og Atle (Foto: Bufetat)

Monica og Atle valde å bli familieheim på fulltid

Annonse frå Bufetat

Då Monica og Atle bestemde seg for å bli familieheim, blei Monica mamma på heiltid med godtgjersle tilsvarande full årsløn. I løpet av 14 år har familien teke imot fire ungdomar.

Visste du at det finst tre typar fosterheim? Dei fleste fosterforeldre har ein vanleg jobb i tillegg til oppdraget som fosterheim. Men det er også nokre som har oppdraget på fulltid. Dei er familieheim og beredskapsheim.

Monica og Atle er familieheim, og Monica har dette som fulltidsoppdrag i sin eigen heim.

– Eg er frikjøpt frå jobb, og dermed veldig til stades, både om morgonen og når dei kjem heim, seier ho.

Du finn meir informasjon om fosterheim på fosterhjem.no. Der finn du og tider for opne, uforpliktande informasjonsmøter om fosterheim.

Nederst på denne sida finn du lenke til ledige oppdrag.

– Ein rikdom å ta del i livet deira

Monica er ærleg i tilbakemeldingane. Å vere familieheim er til tider hardt arbeid, men ho er like ærleg om alt det gjev henne og mannen å vere fosterforeldre.

– Det er jo ein rikdom å få ta del i livet til ungdomane. Følgje dei, bli kjent med dei, utgjere ein skilnad. Om det har vore nedturar, så er det jo også mange gode dagar. 

Ho kosar seg saman med ungdomane i huset, og reiser jamleg på ferie med dei også. Til varmare og tørrare stadar enn Vestlandet. Ein av ungdomane er i familieheim hos dei. Dei tre andre ungdomane er eller har dei vore kommunal fosterheim for.

– Nokre gongar har vi sagt at det nærast er egoistisk å vere fosterforeldre, for det er godt for oss å dele. Men vi trur på det. Vi har ein medviten tanke om å lære våre eigne barn at det er godt å dele, seier ho.

Atle er heilt samd med kona si. Dei har vakse på å ha fosterbarn. Faktisk har de fått eit betre liv av det, synest han.

– Det gir meining å dele. Meining er godt, og det er heilt avgjerande for at vi skal ha det okei. Det er ein motsats til individualisme, som eg trur folk får det vondt av. Ingen blir lukkelege åleine, fastslår Atle.

Familieheim er for ungdom med særskilde behov

Familieheimar tek imot ungdom, som regel frå 12 til 17 år, med særlege behov som gjer at dei ikkje kan fungere i ein vanlig kommunal fosterheim. I familieheimar er den eine forelderen heime på fulltid. 

Som beredskapsheim har familien omsorga for barnet inntil ei anna og meir varig løysing i fosterheim eller institusjon er funne, eller til barnet flyttar attende til foreldra sine.

Dei inngår oppdragsavtale med Bufetat, og får godtgjersle tilsvarande full årsløn og pensjons- og sjukelønsordning. I tillegg til dette vert det betalt ein utgiftsdekning kvar månad. Sjå lenkene nedst for meir informasjon om krav til familieheim og ledige oppdrag. Du finn og mer informasjon om familiehjem på fosterhjem.no. Der finn du og tider for opne, uforpliktande informasjonsmøter om fosterheim.

Ingunn Folkestadås, som er leiar for Familieheimane i Bufetat, region vest, fortel at familieheimar vert følgde opp av eigne konsulentar.

– Dei kjem til familieheimen kvar 14. dag, eller oftare dersom det er naudsynt. Dei får også delta i grupperettleiing med andre familieheimar ein dag i månaden. Dessutan får de fagleg opplæring, og deltek på samlingar med andre familieheimar. Det er også ein bakvakttelefon som de kan ringe døgnet rundt for å få råd og oppfølging, seier Folkestadås.

I familieheimar er den eine forelderen heime på fulltid.

Monica peikar på nokre av fordelane med å ta imot ungdomar.

– Fordelen med å ta imot større barn er at du veit meir om kva dei har i bagasjen, kva dei har med seg. Ting du ikkje alltid veit dersom dei er mindre. Vi har også vener med store barn som var på alder med dei vi hadde teke imot. Dermed vart det lettare å introdusere dei i nettverket vårt, seier Monica.

– Eg har aldri angra på at vi tok inn ungdomar, slår ho fast.

Beredskapsheim: Tek imot barn og unge på kort varsel

Ein annan type heim er beredskapsheim. Då er ein engasjert for å ta imot barn og unge på kort varsel, som følgje av ein akuttsituasjon i deira eigen heim. Dette er ein krevjande oppgåve som stiller særlege krav til fosterforeldra og familien som heilskap. Som beredskapsheim har familien omsut for barnet fram til ei anna og meir varig løysing i fosterheim eller institusjon er funne, eller til barnet flytter attende til foreldra sine.

Dei inngår oppdragsavtale med Bufetat, og får godtgjersle tilsvarande full årsløn og pensjons- og sjukelønsordning. I tillegg til dette vert det betalt ei utgiftsdekning kvar månad. Sjå lenkene nedanfor for meir informasjon og ledige oppdrag.

Også beredskapsheimar får tett oppfølging og rettleiing frå konsulent samt tilgang til bakvakt døgnet rundt.

Må ha røynsle med barn og ungdom eller relevant utdanning

For å kunne bli familieheim eller beredskapsheim vert det kravd røynsle som fosterheim eller anna relevant erfaring, eller treårig relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Døme på relevante utdanningar kan vere barnevernspedagog, sosionom, psykolog eller lærar.

Alle som skal bli fosterheim, uansett type, får ei grunnopplæring. Vurdering av om familien er eigna som fosterheim inngår som del av opplæringa.

Alle som skal bli fosterheim, uansett type, får ei grunnopplæring.

Kommunale fosterheimar

Det vanlegaste er kommunale fosterheimar. Dette er heimar som har teke imot eitt eller fleire fosterbarn frå 0 til 18 år. Kommunale fosterheimar er rekrutterte og lært opp av Bufetat, men avtalen er mellom den kommunale barneverntenesta og heimen. 

Det er også kommunen som dekker godtgjersle og utgifter, og gjev oppfølging til heimen. Dei fleste av desse fosterforeldra har ein vanleg jobb i tillegg. Men nokre barn i kommunale fosterheimar treng ekstra støttetiltak for at det skal gå bra med dei. 

Dette kan vere frikjøp frå eige arbeid ein periode, eller meir oppfølging rundt barnet.

Ledige oppdrag som familieheim eller beredskapsheim

Følg desse lenkene, så finn du informasjon om ledige oppdrag, vilkår og kva som vert kravd for å bli familie- eller beredskapsheim:

Familieheimar: Ledige oppdrag i Sør-Rogaland

Familieheimar: Ledige oppdrag i Bergensområdet

Familieheimar: Ledige oppdrag i Haugesund-/Fonna-området

Familieheimar: Ledige oppdrag i Sogn og Fjordane

Beredskapsheimar: Ledige oppdrag i Sør-Rogaland

Beredskapsheimar: Ledige oppdrag i Bergensområdet

Beredskapsheimar: Ledige oppdrag i Haugesund og omegn

Redaksjonen i Firda har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet